Fleire blei døypte i fjor

Trenden med nedgang i dåpstal blei snudd i 2019. Tala frå i fjor viser ein liten, men viktig oppgang i dåpsprosenten i Stavanger bispedømme. – Årsmeldinga for 2019 gjer både glede og utfordringar me har lyst til å ta tak i, seier leiar for bispedømmerådet, Liv Heidrun Heskestad.

Dåpstala frå 2019 gir grunn til glede. Foto: Bo Mathisen

 

I eit år der kyrkja ikkje lenger fekk tilsendt fødselsmeldingar, blei det likevel ein liten oppgang i dåpsprosent blant dei som høyrer til i kyrkja. Mens det i 2018 blei døpt 3095, blei 3155 personar døypte i fjor, står det i årsmeldinga for 2019 frå Stavanger bispedømme. 

– Årsmeldinga for bispedømmet gir særskilt éin god grunn til glede som gjer oss litt stolte, sier biskop Anne Lise Ådnøy. – Vi har dei seinare åra sett at tala har gått nedover når det gjeld oppslutning om dåp i Den norske kyrkja. Gjennom medvite arbeid kan det sjå ut til at nedgangen i dåpstal i vårt bispedømme er stansa, og til og med så vidt snudd. Både på bispedømmenivå og i lokalkyrkja har ein jobba med å minne foreldre og familier på at dåpen gir borna det beste vi har: Guds velsignelse i tid og æve, og tilknyting til det store fellesskapet i kyrkja.

– Gjev energi til fortsatt fokus på dåp
Sjølv om tala ser betre ut, er det inga grunn til å lene seg tilbake, minner biskopen om. 
– Glede og stolthet gjev oss energi til å fortsetta med fokuset på dåp. Dåpen er både ein festdag og ein livslang prosess. Kyrkja tilbyr undervisning til alle døypte frå 0-18 år. Arbeidet knytta til undervisning gjev fornying til livet i kyrkjelyden og til gudtenester. Våre unge vaksne medlemmer svarer og i medlemsundersøkinga at dei ynskjer å lære meir om den kristne tru, påpeiker biskopen.

– Det er både ei glede og ei utfordring å sjå tilbake på 2019, seier leiar i Stavanger bispedømmeråd, Liv Heidrun Heskestad. – Glede over mykje godt lokalt arbeid for både vaksne og born. Glede over gode medarbeidarar, både tilsette og frivillige, som gjer ein fantastisk jobb. Glede over alle som kjem og kjenner at dei høyrer til i kyrkja.

– Korleis gjere kyrkja meir relevant?
Men rådsleiaren ser og potensiale for utvikling og vekst i tala:
– Utfordringane ligg i å gi fleire ei oppleving av at kyrkja er aktuell og relevant for dei. Den ferske medlemsundersøkinga fortel oss at mest halvparten av medlemmene er positive, men passive. Korleis kan vi gjere kyrkja meir relevant for denne gruppa? spør ho, og legg til:

– Ei anna utfordring er ungdomsarbeidet. Barnearbeidet står sterkt i mange kyrkjelydar, mens mange slit meir med å nå ungdommen og dei unge vaksne. Her trengs det ei satsing for ei kyrkje som har verdas beste bodskap å formidle, om Guds kjærleik gitt oss gjennom Jesu død og oppstode. Ein bodskap som står seg til alle tider og i alle fasar av livet, sier Heskestad. 

Stabile gudstenestetal
Til saman var det over 638 000 deltakarar på gudstenester i kyrkjene i bispedømmet i 2019. Dette viser at oppslutninga om gudstenester var stabil, noko som også er positivt sett mot trendar frå dei siste åra. 

Tydeleg nedgang i vigslar
I 2019 var det 14 prosent færre vigslar i kyrkja enn året før. Dette fylgjer ein generell nedgang i talet på kor mange som giftar seg, men for fyrste gong var det i 2020 fleire som gifta seg i regi av kommunen enn i kyrkja, så nedgangen i kyrkjelege vigslar er brattare enn nedgangen i kyrkja totalt. Sidan borgarlege vigslar har eit anna format enn tradisjonelle kyrkjebryllaup, kan dette tyda på at fleire vel enklare og meir private seremoniar. Det er ikkje like kjent at kyrkja også kan tilby dette.

I 2019 var det fleire innmeldingar i kyrkja enn på lenge, flest blant kvinner. Det var òg fleire utmeldingar enn året før, men ikkje spesielt mange til å vera i eit valår eller i eit år der Kyrkjerådet sitt val av ny biskop overraska.

Kunnskap om medlemmane
I løpet av 2019 kom det fram interessant, ny kunnskap om kyrkjemedlemmane sitt forhold til kyrkja. Medlemsundersøkinga viser at tre av ti kyrkjemedlemmar i Rogaland har eit aktivt og positivt forhold til kyrkja i tru og praksis. I tillegg er nær halvparten positive, men passive, mens den siste delen (24 %) er distanserte og til dels kritiske.

"Me er stolte av det nokre hundre tilsette og langt over ti tusen frivillige klarer skapa saman. Kyrkja i Stavanger bispedømme er både brei, engasjert og aktiv. I det ligg det utfordringar, men mest ei stor glede over å få vera ei kyrkje som betyr mykje der ho er" konkluderar leierane i årsmeldinga. 

Under er nokre tendensar i tala for 2019 punktvis oppsummert, heila årsmeldinga finn du i lenka nedst på sida.

OMRÅDE MED VEKST 

  • Dåpsprosenten av dei som høyrer til i kyrkja går oppover.
  • Konfirmasjonsprosenten går opp.
  • Det er fleire kulturarrangement i regi av kyrkjelydane.
  • Fleire opne kyrkjer.
  • Fleire fylgjer biskop eller bispedømmeråd på Facebook.
  • Auka oppslutning om skulegudstenester.
  • Det har blitt satsa på nye og spennande prosjekt gjennom at fleire kyrkjelydar har fått diakonal betjening.
  • Det er fleire sorggrupper og fleire sjelesorgssamtalar.
  • Fleire deltek på pilegrimsarrangement.

OMRÅDER MED NEDGANG

  • Nedgang i talet på vigslar i kyrkja. Dette er den mest markante nedgangen i 2019.
  • Færre tilbod til unge i kyrkjelydane.
  • Det totale talet på frivillige går ned, etter fleire år med oppgang.
  • Det er færre gudstenester for barnehagar.
  • Færre konsertar og kulturarrangement i regi av andre.
  • Færre misjonsavtalar totalt.
  • Færre institusjonsandaktar og færre tilbod til eldre, sjølv om det framleis er stort volum på begge tala.
  • Valdeltakinga gjekk ned samanlikna med tidlegare val.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"