Helene Teistedal Vikre ordinert til prest

Det var fest i Tysvær kyrkje søndag, da Helene Teistedal Vikre blei ordinert. – Her i kyrkja og på bedehuset har du øvd deg på fellesskap, praktisk teneste og utvikla deg i tru og tillit til Jesus, sa biskop Anne Lise Ådnøy til ordinanden.

Foran: Helene Teistedal Vikre og Anne Lise Ådnøy. Bakerst fra venstre: Arne Aurdal, Marit Sofie Teistedal Vikre, Helga Haugland Byfuglien, Rune Steensnæs Engedal, Torleif Susort, Elise K. Høyvik og Kjetil Friestad.

Familie og kyrkjelyd i Tysvær fylte kyrkja på korona-venleg vis då Helene Teistedal Vikre blei ordinert på heimplassen. Mange stolte smil og varme blikk vitna om takksemd og glede over at deira eigen Helene no blei prest.

– Kjære gode Helene, prest og kollega! sa biskop Ådnøy i helsinga til ordinanden:

– Så flott å feira vigsling i heime-kyrkja! Her og på bedehuset har du øvd deg på fellesskap, praktisk teneste og utvikla deg i tru og tillit til Jesus. 

Her fekk du interessa for bibelforteljingar og eit kall til å dela tru med andre. Takk for preika om søstrene idag! Sjølv har du mange sysken, og eg trur det var ein god skule å veksa opp ilag med dei. Prestar kan lett bli solospelarar, og av og til høge på seg sjølv. Ikkje bli det! I Sunde og Hafrsfjord må du finna folk å leika ilag med. Då kjem arbeidet til å gje frukt. 

– Du er skapt i Guds bilete

– Sjølv om eg åtvarer mot sololøp, vil eg helsa deg med eit ord du skal huska og stola på i prestelivet ditt. I ein av tekstane til denne dagen seier Paulus: «Alt makter jeg i ham som gjør meg sterk». 

I Kairo finst eit arbeid for barn som bur i slummen. Det heiter «I can»!  Alt maktar eg - I can! Slik blir kvart menneske i seg sjølv eit ikon, eit heilagt bilete. Du er skapt i Guds bilete, i dåpen og livet er du knytt til Jesus, han som gjev styrke til kvar dag. Som dagen er skal og din styrke vera. 

– Søk Jesus først

Teistedal Vikre er kyrkjelydsprest i Sunde og Harfrsfjord sokn, med unge som eit særskilt arbeidsområde. I si fyrste preik som ordinert prest hadde ho forteljinga om Marta og Maria som tekst. Den brukte ho til å tala om kva som kan gå tapt, viss me blir for oppteken av alt som tar fokus bort frå Jesus og nesten vår.

– Mobilen min opptar mykje av tida mi, eg har den med meg over alt. Det gjeld ikkje berre meg, alle går me rundt i vår eigen verd. Kan hende går glipp av eit smil fra ein som søkjer kontakt på butikken, eller me gløymer sjølve å ta kontakt med andre.

– Me treng respons på kjenslene våre, me treng trygghet i relasjonene og nærleik til kvarandre. I dagens tekst om Marta som styrer rundt og Maria som berre sit og lyttar til Jesus, seier han at Maria har valgt den gode veg. Teksten kan virka litt provoserande. Men eg trur Jesus vil hjelpa Marta og oss andre med å finna fokus. Han sier: Søk først Gud, og så nesten vår.
– Mobil og data kan være viktig og godt, ikkje minst no i koronatida. Men dei er likevel av de tinga som stjel fokus. Kanskje me snart kan ta ein pause og lausriva oss litt? Vaner kan vera vonde å venda. Men påminninga til oss er: Søk Jesus først, og så alt det andre, sa Helene Teistedal Vikre i preika.

Etterpå sang nokre av syskena og syskenbarna hennar "In the hands of Jesus", om at Jesus vil hjelpa oss når me søkjer han.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"