Jone Unlayao Slettebø-Knudsen ordinert til prest

– Du har både mot og klokskap når du går inn i stillinga som barne- og familieprest, sa biskop Anne Lise Ådnøy til Jone Unlayao Slettebø-Knudsen, då han blei ordinert på søndag.

Medverkande under vigslinga. Fremste rekke: Anne Lise Ådnøy, Jone Unlayao Slettebø-Knudsen, Jørgen Knudsen. Andre rekke: Lars Slettebø, Siri Aarsland, Jan Erik Westen, Lars Sigurd Tjelle. Bakre rekke: Einar Steen Jakobsen, Turid Boganes, Haakon Kessel, Karen Margrete Mestad. Foto: Njål Aarsland.

Ein feststemt kyrkjelyd var samla i Varhaug kyrkje då deira nye barne- og familieprest høgtideleg vart ordinert av Stavanger biskop.

– Kjære Jone, ta vare på det du har fått overgjeve! sa biskop Anne Lise Ådnøy til ordinanden, og viste til Paulus sine ord i 1. Tim. kapittel 1. 

Biskopen trakk så opp dei store linjene frå disiplane og Paulus, fram til ordinasjonen i Varhaug kyrkje.

– Allereie rundt 20 år etter påsken var overleveringa i gang, og nå er me her, med ein presteson frå Sunnhordland som vil bli prest. Løftet du gir i dag kan likna det du ga då du svara ja til å elska og æra Berly. Ordinasjonsløftet inneheld eit stort alvor. Du har både mot og klokskap når du går inn i stillinga som barne- og familieprest, sa Ådnøy, og runda av med bibelverset som lenge har fylgt den ferske presten, Salme 37,5:

– Legg din veg i Herrens hand! Set di lit til han.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"