Klepp kyrkje feira 175 år

Forrige søndag blei det feira at Klepp kyrkje er 175 år. Ei flott jubileumsgudsteneste blei tatt opp av NRK, og sendes på radio 10. oktober. Evangelieteksten var den same som blei lesen 4. oktober 1846.

Ein stor og glad gjeng lagde jubileumsgudsteneste for Klepp kyrkje: kantor Ola Sotnakk (bak t.v.) sokneprest Just Salvesen (foran t.v.) biskop Anne Lise Ådnøy, prost Lars Sigurd Tjelle og diakon Ingelin Norbakken var blant dei som bidro.

Hos NRK kan du høyre jubileumsgudstenesten frå Klepp kyrkje.

Her er preika som biskop Anne Lise Ådnøy heldt:

Ein gong var Jesus beden til å eta hos ein farisear som var medlem av Rådet. Det var sabbat, og dei heldt auge med han. Då stod det framfor han ein mann som leid av vatn i kroppen. Jesus spurde dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?» Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå. Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brønnen, dreg de han ikkje straks opp, endå om det er sabbat?» Dei kunne ikkje svara på dette. Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, sa han til dei i ei likning: «Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden, og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast. Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.» Han sa òg eit ord til verten: «Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld. (Lukas 14,1-12)

Gratulerer med 175 års-jubileum!

Tenk at kyrkja har tolt vær og vind så lenge! Det seier mykje om at folk har hatt og har kjærleik til bygget! Kyrkjehus treng nemleg og folk.

Dei som bygde kyrkja for 175 år sidan var born av si tid, sånn som me er det. Og sånn som folk på Jesu tid var det. I dag høyrer me den evangelieteksta som blei lesen då kyrkja blei vigsla 4. oktober i 1846.

Jesus var ikkje alltid i takt med opinionen. Det høyrer med til evangeliet at Jesus kunne ergra folk i samtida. Særleg forarga han dei som i eigne auge var sett til å passa på at alt skjedde etter tradisjon og overlevering. Bodet om å halda kviledagen heilag går rett til kjernen av det som gjer jødisk tru og praksis særmerkt. «Du skal halda kviledagen heilag». Jesus står for dette, og skapar likevel eit større rom. I Jesus sitt rom kjem det å vera barmhjertig fyrst, til og med framfor eit så viktig bod.

Vekta av kviledags-bodet var ganske sikkert meir merkbart då Klepp-kyrkja var ny. Er kviledagsbodet tema for samtalar i vår tid? Me kan godt tenkja over kor mykje som har forandra seg på desse åra. Samtidig må me vedgå kor like me er, folk til alle tider. Då Jesus gjorde ei god gjerning på sabbaten visste han at kritikarane hadde han under oppsikt. Han blei sett på prøve, og kviledagen var eit testspørsmål.

Det er andre testspørsmål i dag. Me er dessverre framleis opptekne av kva andre personar gjer eller meiner som bryt med tradisjon eller overlevering. Eg seier med vilje «andre personar», for me vil heller peika på andre enn å sjå kritisk på korleis me sjølv lever.

Tenk om jubileet og interessa for historie kan gjera oss mindre skråsikre, fordi me forstår at me er folk som alltid kjem til å forandra meining om mangt og mykje.

Jesus er ein meister i å undervisa. Han møtte kritikken med motspørsmål: Er det tillate å gjera godt på sabbaten? Sjå godt på kvarandre nå, med takk! Bakteppet er ei lang historie der tru alltid har vist seg i gode gjerningar, både i kvardagar og når det trengst, på kviledagen. Det har Jesus lært oss.

Me skal sjå nøye på kvarandre, me som er bedne til jubileum. Eg har ei rolle som gjer at eg sit framme. Det vanlege i kyrkjer er at benkane fyllest bakfrå. Er det fordi me har høyrt Jesus seia noko om at den som set seg sjølv lågt og derfor sit lengst bak, at ho eller han er mest verdifull? Kanskje er det grunnen, men ingen skjema er utan feil. Her har nok tradisjon og norsk sjenanse virka saman til alt blei snudd på hovudet. Normal sjølvkjensle er å kjenna sin verdi. Det som dessverre er like normalt er å samanlikna seg med andre, for å framheva seg sjølv.

Jesus peikar på korleis sosiale sirklar lukkar seg for framande. Kven er innafor og kven står igjen når me samlast, i kyrkja, i små fellesskap, eller i slekta? Ein testsituasjon for kyrkjelyden er den vesle halvtimen me kallar kyrkjekaffi. Kven tek seg av den som er ny eller framand? Dei som har glede av å treffa kvarande har ofte nok med sitt. Då kyrkja blei vigsla var samfunnet klassedelt, kanskje meir enn i dag. Dei valde den gongen å avslutta lesinga frå Lukas før desse orda, som høyrer naturleg til: Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde. Kvifor? Hadde dei ein «blind-spot»?

Kva er det vår tid ikkje vil sjå?

I Klepp skal det byggjast ny kyrkje. Då trengst mange folk og hender. Sirklane må opnast og nye må finna sin plass. Jesus sine ord kan opna oss for nye tankar, sjølv om dei bryt med tradisjonen, og Jesus kan hjelpa oss å vera gjestfrie så folk me ikkje kjende frå før blir ønskt velkommen.

Det vakraste i dette kapittelet frå Lukas-evangeliet er at formaninga frå Jesus blir ført vidare i biletet av det store gjestebodet. Ein gong skal Guds hus bli heilt fullt. Då skal alle bli sett av han som skapte eit større rom, fordi han kunne la kjærleiken gå framfor alt. Vårt håp som kyrkje er at han ser oss alt no.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var, er og blir ein sann Gud frå æve til æve.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"