Dobbelt kyrkjejubileum i Årdal

Årdal har to kyrkjer med ein svært særprega historie. 2019 er eit merkeår for dei: Årdal gamle kyrkje er 400 år og Årdal «nye» kyrkje er 100 år. Her kan du lesa biskopen si preike ved jubileumsfeiringa.

Frå jubileumsgudstenesta i mai. Alle foto: Reidunn Ferstad.

Dobbelt-jubileet vart feira siste helga i mai, sjå bilete nedst på sida. 

Årdal gamle kyrkje er ei unik og vakker renessansekyrkje. Den er open kvar dag mellom 1. juni til 30. september mellom kl. 9 og 19. Guiding kvar tysdag mellom kl. 13 og 14. (Bestilles frå Turistkontoret i Hjelmeland kommune,tlf. 404 39 003.)

Det er gudsteneste i kyrkja søndag 7. juli kl. 11.00 og mandag 29. juli (Olsok) kl. 19.30. Olsok er det og konsert kl. 19.00 med Sigbjørn Apeland på trøorgel.

Biskop Anne Lise Ådnøy si preike jubileumssundagen 26. mai

Preiketekst: Matteus 6,7-13

Det visste ikkje folk i Årdal kommune for meir enn hundre år sida, at me i dag takkar Gud for at dei hadde dårleg økonomi og derfor ikkje reiv kyrkja frå 1600-talet. Eg har budd eit år i Iowa. Eg veit litt om kva verdi norske røter har for etterkommarane til dei som utvandra. Utvandra Årdals-buar i Iowa samla inn pengar som vart til denne nye kyrkja. Kor stor kjærleik vitnar ikkje det om! Då den vise kong Salomo vigsla tempelet i Jerusalem sa han: «Bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!» Gud bur ikkje hus, men husa står her mellom oss som vitne om ein som alltid er større enn alt me kan fatta eller forstå. Kyrkjene er viktige, dei kan halda oss menneske i dagleg kontakt med trua, som ei påminning.

I dag les me Fader vår. Sju bøner seier katekisma det er. Les gjerne heile tredje delen av katekisma om att, du finn det bak i den nyaste salmeboka. Pinsefesten nærmar seg. Høyr den andre bøna: «Lat riket ditt koma», der Luthers forklaring lyder (og her vert det ikkje overhøyring, eg les): «Guds rike kjem av seg sjølv utan vår bøn, men vi bed i denne bøna at det må koma til oss og. Korleis kan det skje? Det skjer når vår himmelske Far av sin nåde gjev oss sin Heilage Ande, så vi trur hans ord og lever som kristne her i tida og sidan i æva.»

Kyrkja er alltid knytt til Jesus
Kor mange versjonar av Fadervår-bøna har veggene i den gamle kyrkja høyrt? Eg har ikkje funne det ut. Då altertavla der kom, valde kunstnaren å skriva av heile bøna på den venstre sidetavla. Så kunne klokkar og prest lesa rett, og kyrkjelyden syna Herren si eiga bøn den rette respekt og tilbeding når dei var samla kring alteret. Kva må me bevara og kva skal me forandra når tidene skifter? Det trur eg me kan ha mange meiningar om. Då kongen heitte Christian IV og landet vart styrt frå København heldt kongen taumane stramt. Folkekyrkja den gang er slett ikkje den som er omtala i grunnlova nå. Presten er ikkje lenger i kongeleg embete. Folket kan velja seg ut eller inn av kyrkja, og det gjer dei, her i Årdal og. Gud er evig og alltid og uforanderleg, men kyrkja høyrer til det menneskelege og endrar seg med tida. Det enkle evangeliet vert delt med ord me finn meining i, knytt til situasjonar som me er opptekne av i 2019. Tvers gjennom år og veker og tider er kyrkja alltid knytt til Jesus. Utan han er me ikkje kyrkje.

Vaner kan gje kraft til heilare liv
Me les frå ei samling Jesus-ord som både hos Matteus og Lukas har form av ei preike, i Matteus kalla Bergpreika. Mange trur at det fyrste evangeliet var ei slik munnleg overlevering av viktige ting Meisteren har sagt. Bøna «Fader vår» høyrer med til barnelærdomen. «Med et Fadervår i pakt, skal du aldri gyse.» Det å be bøna dagleg hjelper oss å huska kven som er opphavet vårt. Slik etterkomarane til utvandra årdalsbuar er opptekne av røter, kan me vedkjenne oss røtene når med seier: «Vår Far i himmelen». Ei bok som kom ut i fjor handlar om korleis gode vaner kan utviklast og få prega kvardagen. Stian Kilde Aarebrot tek eit oppgjer med skepsisen mot såkalla «vanekristendom». Noen her har kanskje og vakse opp med slik skepsis. Nettopp vaner kan støtta og gje kraft til eit heilare liv som kristne i verda. Så høyr på Luther og la det bli ein vane å teikna krossmerket framfor deg når du står opp til ein ny dag.

Kyrkja er meir enn bygg
Nå er me i ny-kyrkja for å feira. Altertavla frå 60-talet ruver så vakkert og fargerikt over oss og gjer det synleg at Jesus er til stades for små og store. Men kyrkja er meir enn bygg. Ho er alltid ein utroleg samanblanding av synlig og usynlig. Og alt heng saman med evangeliet. Fordi Jesus er heilt og fullt både Gud og menneske, er også kyrkja begge deler, menneskeleg og guddommeleg. Eg er forelska i maleriene i koret i gamle Årdal kyrkje, så naive og fantasifulle at me må le litt. Samtidig som kyrkja er svak og litt latterleg, er kyrkja i verda også guddommeleg sterk og synleg. Den synlege sida er dei heilage handlingane, dåp og nattverd, og at me deler Guds ord, lyttar og strevar for å ta til oss det Gud vil seia. Synleg er kyrkja og når dei levande steinane utfører gjerningar som er på parti med det Gudsriket me bed om, når menneske lever som svar på bøn.

Kva er din vilje med meg?
Alle som vart døypte for å høyra til hos Jesus, alle som fekk Anden hans i dåpen, kvar er me? Den allmektige Gud har nå gjeve deg sin Heilage Ande. Gud har sendt sin Ande inn i hjartet, inn i det djupaste i personen. Sist i bibelen står det: «Anden seier: Kom!» Det er ein open invitasjon: Kom og oppdag Anden i deg! Kva hindrar oss i å leva så heilt at me seier «Ja« og kjem til Gud med alt me ber på? Teresa av Avila levde på same tid som Luther. Ho er kalla kyrkjelærar i den katolske tradisjonen. Ei av dei bønene ho har skrive opnar med det djupt personlege spørsmålet: «Din er eg. Til deg eg føddest. Kva er din vilje med meg?» Kyrkja vert fattigare om ikkje fleire spør slik. Gud vil kalla og leia oss som kyrkje og kyrkjelydar, her i Årdal og. Hardt arbeid, som det å leia søndagsskule eller organisera dugnad på kyrkjegarden, gjev meining. Eit liv med meining, kan me ynskja meir?

I alt er det Gud som handlar
Sjølv om ordlyden endrar seg, har Herrens bøn halde seg utruleg godt. Så viktige og vitale er orda, at dei kan skapa tru. Svigerfar Enok fortalde om ei som var erklært ikkje-truande og som vart utfordra til å be bøna dagleg i eitt år. Det resulterte i at trua på Jesus, Meisteren, vart levande for henne, til stor glede. Sju bøner er rikeleg og nok for eit heilt kristenliv. Når me seier dei fyrste orda blir me merksame på at jorda, verda, det me gleder oss over og slit med, det er ikkje alt. Himmelen finst og, slik er visjonen til Den norske kyrkja forankra: Meir himmel på jord! Bøna om tilgjeving kan skapa rom der folk er ærlege ilag. Kvar gong me tilgjev eller vert tilgjevne veks det riket som Gud har satt sitt segl på. Og det kan skje på ein onsdag mellom naboar her i bygda, eller når ein får skrifte og høyre orda om at den allmektige no har gjeve deg forlating for alle dine synder.

At kommunen i si tid ikkje hadde råd til å reisa ei ny kyrkje, er kanskje eit døme på at Gud kan snu synd til det gode. Så fekk Gamlekyrkja stå og utvandrarar fekk uttrykka sin kjærleik til heimbygda med å gje dette huset. I alt er det Gud som handlar, kallar og pustar med sin Ande i og gjennom oss. Derfor kan me alltid seia: din er makta og æra i all eve. Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"