To nye prestar på Jæren

Stavanger bispedømmeråd har tilsett Aksel Johan Lund og Vidar Søyland Pettersen som nye prestar på Jæren.

25 år gamle Aksel Johan Lund, opphavleg frå Åkra på Karmøy, skal arbeida 40 prosent som kyrkjelydsprest i Nærbø sokn, og 60 prosent som ungdomsprest i Nærbø og Bryne. Lund er student ved Vid i Stavanger, og han vil etter planen vera ferdig utdanna prest i desember. Planen er å starta i ny jobb på Jæren i januar.

– Den ledige stillinga såg interessant ut og eg ser fram til å arbeida på Jæren, fortel 25-åringen i ein artikkel i avisa Jærbladet.
– Eg ser fram til å vera både kyrkjelydsprest og ungdomsprest. Som ungdomsprest er hovudmålgruppa vaksen ungdom mellom 16 og 25 år, fortel Lund

Vidar Søyland Pettersen (35), ny sokneprest på Nærbø, kjem opphavleg frå Senja i Troms. Han arbeider no som sokneprest på Rognan i Nordland fylke, og han har også vore prestevikar og prest i Beiarn kommune, som også ligg i Nordland. Pettersen har også arbeidd som lærar ved bibelskule i Tromsø.

– Litt av avtalen då eg gifta meg med Wenche Søyland Pettersen frå Bjerkreim, var at me skulle ha nokre år i Nord-Norge, før me flytta sørover. Stillinga på Nærbø ser veldig interessant ut, og det blir spanande å koma til ein annan landsdel med ein annan kultur, seier 35-åringen til Jærbladet.

Oppstart på Nærbø er avtalt til 15. mars. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"