– Eit vakkert, tenleg og sentralt bygg

– For ein festdag dette er! Gratulerer! Nå står kyrkja her, eit vakkert, tenleg og sentralt bygg som inviterer oss inn. Eit kyrkjebygg kan vera evangeliet sitt kropps-språk, det ser me nå, sa biskop Anne Lise Ådnøy då Tau kyrkje blei vigsla.

Alt som høyrer til på det nye alteret blei båre fram i prosesjonen av små og store strandbuar. Sokneprest Martin Ivar Arnesen og biskop Anne Lise Ådnøy tok i mot og satte på plass. Foto: Magnar Hole Polden

Det var fest og høgtid då den nye kyrkja på Tau blei innvia søndag. Både ordførar og inviterte gjester samt festkledde små og store fylte kyrkja, og ikkje minst strandbuer og soknefolk som i så mange år har sett fram til denne dagen.

Det vakre og rommelege bygget ble bedt for og signa. Takka gjekk til både oppover og til gode folk som har stått på og leia byggeprosjektet i havn. 

Danseelevar frå kulturskolen hadde innslag og flott sang og musikk fylte det store rommet. Kunstnar Per Odd Aarrestad var til stades og såg at utsmykkinga var kome vel på plass. 

Her på Strand sokn si Facebook kan du sjå bilete frå vigslingsgudstenesta.

Her er det plass til alle!

Biskop Anne Lise Ådnøy gratulerte kyrkjelyden i preika si, og løfta fram det å bruke kyrkja i kvardagen - ikkje berre til fest. Her kan du lese heile preika:

– Strand kyrkjelege fellesråd og Strand kommune: Gratulerer! Tau kyrkjelyd: Halleluja! Nå står kyrkja her, eit vakkert, tenleg og sentralt bygg som inviterer oss inn. Eit kyrkjebygg kan vera evangeliet sitt kroppsspråk, det ser me nå! Her er det plass til alle! Her er eit ope rom! Og bygget vitnar i seg sjølv om at Gud er raus og nådig.

Jesus var oppvaksen i Nasaret. Han høyrde til i ei bygd. Han hadde slekt og venar. Han lærte å leva i tru til Gud og med dei tradisjonar som gjaldt. Takk til kulturskulen som er med på å gjera denne gudstenesta til ein fest. Høgtideleg og sprekt! De høyrer til i bygda. De veks opp og lærer å leva i tru til Gud og med dei tradisjonar som gjeld. Kan de sjå kva eg held her? Bamsen fekk eg før eg vart fødd. Han har vore med på mykje, og er sliten av alt. Eg leikar ikkje med han lenger, men har han på hylla. Av og til veks folk frå den trua dei har som barn. Då hender det at dei set Gud på hylla. Men Gud er ikkje sliten og blir aldri oppbrukt. Du kan veksa i trua på Gud og vera med på å forma dei tradisjonane som skal gå vidare.

Kvardagskyrkje og "sjømannskyrkje"

Sjølv om me feirar og festar i dag, og det med rette, vil eg halda fram at dette er ei kvardagskyrkje. «Går du i kyrkja?» er eit spørsmål fleire av medlemmane i Den norske kyrkja kvir seg litt for å svara på.

Denne  nye «sjømannskyrkja» er har ansiktet vendt ut mot torg og folk i sentrum og ynskjer alle velkomne inn. Me kjem inn gjennom ein møteplass der det luktar kaffi (og kanskje vafler?). Så spennande det har vært å følgje prosessen og sjå den store eigeninnsatsen de har vist. Dette er imponerande! Slik glede over å gje pengar og ta i eit tak må føra til velsigning for heile lokalmiljøet. “We pray for blessings” heiter songen vi skal høyre etter preika.

Den såkalla "Stavkyrkjepreika" frå 1100-talet tolkar bygg og inventar symbolsk. “Taket i kirken er tegn på de mennesker som i tankene hever sine øyne opp i bønn”. Vern mot regn er fint, men vi treng og å sjå at kyrkja har evna til å romma dei regntunge dagane i overført tyding. Visst skal her vera rom for glede, leik og gode ting. Men sorga skal og takast imot og det som vert skada i livet får trøyst og omsorg her. Som me skal høyre i songen snart, kan det henda at “The rain, the storms, the hardest nights are your mercies in disguise.” Gud møter oss ikkje berre på glade festdagar. Guds nåde går alltid djupare enn me trur. Tau kyrkje har mange rom for ulike møte.

Eit stykke brukskunst

Brukskunst er det noko som heiter. Mi bøn for dette vakre bygget er at det skal bli brukt og slik bli eit stykke brukskunst til glede for alle som bur her.

Me lever i ei tid som er oppteken av bilete, i filmar, på TV og dataskjermar. Me blir kalla ei Ordets kyrkje og brukar kreativitet og omtanke for at bibelordet skal røra ved oss og hjelpa oss å leva gode liv. Kyrkja er kultur. Det som skjer her er ein viktig del av den veven som gjer samfunnet vårt godt og som tek vare på menneske. Med musikk, ord og bilete vil kyrkja tolka det verkelege livet og gje det djupne og meining, både når me er glade og når me sørgjer. Ei kyrkje midt blant folk skal ha opne dører og gjera tru og kunst tilgjengeleg. Når kulturen lever, kan kyrkja formidla håp og bli til velsigning.

Fleire episodar i evangelia viser at Jesus brukte å gå i synagogen. I dag las me frå Lukas. «På sabbaten gjekk Jesus inn i synagogen, som han brukte å gjera.» Tenk litt på dette med vanar. Kordan blir ein vane til? Kva er det som får oss til å gjera slik me bruker? Når helga kjem og veka har vore fylt av jobb og mas, då skal me høyra kyrkjeklokka som seier «kom, kom, kom og kvil hjå Gud». Me kan kvar for oss og i lag satsa på å etablera vanar der det å gå i kyrkja høyrer med til rytmen i vekene. Skal Tau kyrkje forsvara sin plass i åra som kjem, må livet levast òg her, òg på søndagar.

Gudshus utan terskel

Då Jesus var heime gjekk han i gudshuset slik han brukte. Denne fredelege forteljinga sluttar med at Jesus blir jaga ut og vekk frå staden. Jesus kjem med ein god bodskap for fattige og at han set folk fri. I Nasaret blei Jesus for radikal. Naboane hans ville ikkje høyra om framande som fekk nåde av Gud, dei ville ha Gud for seg sjølv. Det er godt å ha Sjømannskyrkja som ideal for arbeidet i nykyrkja. Gudsriket som Jesus kjem med, femner så vidt og er så grenselaust at det ennå kan provosera.

Mitt håp er at Tau kyrkje blir eit gudshus utan terskel, der nåden frå Jesus kan strøyma fritt og røra ved alle slags folk, både til glede og til utmaning og kanskje provokasjon. Då blir det meir himmel på jorda. Kallet kyrkja har fått er å gjera evangeliet verkeleg og verdt å tru på. Kjære kulturskule-elevar og andre Tau-folk: Når spørsmålet kjem, veit du kva du skal svara: «Går du i kyrkja?» Ja!

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, vår Skapar, frigjerar og livgjevar. Amen

Her kan du lese meir om nykyrkja!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"