Sundag heldt ho visitasforedraget, som er ei oppsummering og tilbakemelding etter besøket biskopen og medarbeiderane hennar har hatt i soknet. Her er litt av det Ådnøy sa:
– Toget og trafikken fér fort langs Jærkysten, men det er godt å stansa på Varhaug og Vigrestad og bli kjent med livet her. Denne veka har bygdene opna seg for oss. Me har møtt idrettslag, skular og kyrkjelyd. Me har helst på ordførar og kommuneleiing og dei som bur i Klokkarhagen. Me har vore på Spød og Drøs, høyrt gode refleksjonar i sokneråd og fellesråd og vore med når leiarar frå forsamlingane her har samla seg for å be.
Frå Jerusalem til Odland
Torsdag kveld romma kyrkja eit djup av levd liv, eller ein høg himmel, med jærkultur, lått og tru. Det var flott å merka gjenkjenning, lått og ettertanke då Sjur Håland og General Forsamling stilte med seg sjølv omgjevne av kyrkjeveggane. Me reiste frå Jerusalem til Odland i ord og tonar, via andredagsfest på misjonshuset, ekte kjensler og mange songar som like gjerne kunne kallast bøn. Ein ting er å seia at kyrkja har plass for alt livet rommar, ein annan ting er å oppleva det. Me treng eit trusspråk som viser livet som det er og ei evangelieforståing som gjer at folk ser at i «huset til Far min er det mange rom».
Skulane godt rusta for mangfald
Me har også møtt gode blikk på Klokkarhagen, der det finst omsorg for dei som igjen treng nokon rundt seg for å klara kvardagen. Me har møtt skular som legg godt til rette for at elevane skal få møta kristne tradisjonar og verdiar og læra seg å handtera mangfaldet i samfunnet. I skulen møtest heile samfunnet. Me ser at skulane her er godt rusta for å møta det mangfaldet me har i dag utan å rykka opp røtene. Elevane får sjanse til å ta vare på eigen identitet og læra seg å møta det og dei som er annleis.
Flott gudstenestearbeid
Hå kommune kjenner kyrkja godt og vil ho vel. Kommunen legg godt til rette for frivillige lag og organisasjonar. Leiarar, tilsette og frivillige står saman for å gjera kommunen til ein god stad å leva og får til mykje.
Denne kyrkjelyden har eit flott gudstenestearbeid, med mykje god involvering, godt fellesskap i kyrkjebenkane og mange fine tradisjonar i løpet av året. Kyrkjelyden syng og gler seg over å møtast, og det er mange som får oppleva at det gjev ein rikdom til liv og tru å setja av tid på sundagen til å møta kvarandre og han som gjev oss livet.
Her kan du lesa heile visitasforedraget som biskopen hadde etter visitasgudstenesta.