Forordningar

Gjennom gudstenesteforordninga fastset biskopen kor mange gudstenester det minimum skal vera i kvart sokn. Det er hovudgudstenestene i kyrkjelydane, der heile kyrkjelyden er målgruppa, som blir forordna. Kyrkjelydane kan sjølv setja opp andre gudstenester, etter ønskje, behov og moglegheit.

Til forordna gudstenester forpliktar biskopen seg til å stilla prestar til disposisjon.

Til forordna gudstenester forpliktar biskopen seg til å stilla prestar til disposisjon.
Nedst på sida finns lenke til dei ulike prostia sine forordningar. 

Omfang
Gudstenesteforordningane har samanheng med offentlege ressursar til prestetenesta. Talet på prestar i eit prosti set grenser for kor mange søndagsgudstenester som kan forordnast. Dette er årsaka til at t.d. ønske om gudsteneste kvar søndag i haust- og vinterferie ikkje kan oppfyllast alle stader. Biskopen må òg sjå til at relativt like kyrkjelydar får liknande forordning.

Biskopen har forordna gudstenester i fleire kyrkjelydsutviklingsprosjekt. Desse gudstenestene blir ofte forretta av fellesrådstilsette prestar. Det ligg ikkje i forordninga at bispedømmerådet vil tilføra desse kyrkjelydane ny økonomisk ressurs. Desse gudstenestene er forordna sidan det ville vore mogleg å nytta prestar tilsette av bispedømmerådet til desse gudstenestene, utan å overskrida ressursramma for prostiet. Forordninga er eit uttrykk for at biskopen ser verdien av gudstenestelivet desse stadane.

Kyrkjelova § 15 står det at kommunen si utgiftsdekning til kyrkjeleg fellesråd skal gje grunnlag for at det i sokna kan haldast dei gudstenestene som biskopen forordnar. Viss kommunen gjev fellesråda for smale rammer, vil biskopen heller påpeika kommunen si plikt til å gje fellesråda tilstrekkeleg økonomi enn å redusera forordninga til eit nivå under det normale for tilsvarande kyrkjelydar.

Mange kyrkjelydar vil truleg invitera til fleire gudstenester enn forordninga set opp. Det kan gjelda dåpsgudstenester, gudstenester i samband med trusopplæringstiltak, gudstenester med spesielle målgrupper og liknande. Forordninga skal primært dekkja kyrkjelyden si hovudgudsteneste, der heile kyrkjelyden er målgruppa. Kyrkjelydane kan sjølve setja opp andre gudstenester ut frå eigne strategiske omsyn og ressursar, sidan forordninga er uttrykk for eit minimum. 

Belastning per prest
Prosten leier prestetenesta og ser til at gudstenesteplanane i kyrkjelydane blir samordna slik at ressursane i prostiet blir utnytta. Ein prest i 100 % stilling har normalt gudsteneste/gudstenester 37 søndagar i året. Det er gjort avtale med Presteforeininga om at prestane kan ha gudsteneste i to ulike kyrkjelydar same dag inntil fire søndagar i året og på enkelte helgedagar og offentlege høgtidsdagar. Vidare kan prestane ha fleire gudstenester i same kyrkje på same dag, for eksempel på julaftan og ved konfirmasjon, der gudstenestedeltakinga gjer dette naturleg. Dette siste blir rekna som éi forordna gudsteneste.

Tidspunkt
Normalt tidspunkt for gudstenestene er kl 11.00. Prosten kan i samråd med fellesrådet og kyrkjelydane fastsetja anna normaltidspunkt som hovudregel for ein kyrkjelyd, eller anna tidspunkt for enkeltgudstenester, der dette er viktig i samband med gudstenesteplanlegginga. Kyrkjelyden kan òg flytta tidspunkt for einskilde gudstenester ved behov, i forståing med prost og fellesråd.

Avvik fra forordninga
Det er i nokre kyrkjelydar forordna gudstenester i kapell og på andre gudstenestestadar enn i kyrkja. Der dette ikkje er nemnt, kan kyrkjelyden søkja prosten om å flytta nokre av dei forordna gudstenestene frå kyrkja til annan gudstenestestad. Viss kyrkjelyden ønskjer faste ordningar for dette, søkjer ein biskopen.

Soknerådet kan avgjera at inntil to forordna gudstenester i året kan haldast som friluftsgudstenester. Prosten får elles fullmakt til å gjera mindre justeringar i forhold til forordninga, for eksempel når ein gudstenestedag kjem i tilknyting til ei helg.

Søndagane er i forordninga delte i høgtidsdagar, det vil i denne samanheng seia palmesøndag, påskedag og pinsedag (3), søndagar i vinter- og haustferie (4), søndagar om sommaren (8), fjerde søndag i advent og søndag etter jul (2) og andre søndagar. Dei åtte sommarsøndagane skal leggjast til skuleferien og må vera felles for heile prostiet.

Kyrkjelydar som ikkje har forordna gudsteneste søndag mellom jul og nyttår, kan i staden velja å ikkje ha gudsteneste 4. søndag i advent, særleg når denne kjem tett innpå julaftan.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"