Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling som prost i Jæren prosti

Har du evne og vilje til samarbeid og medarbeidarskap, evne til strategisk tenking, samt til å motivera og inspirera medarbeidarar og kyrkjelydar? No er det ledig stilling som prost i Jæren prosti, med søknadsfrist 13. april.

Stavanger bispedømmeråd har ledig stilling som prost i Jæren prosti. Me søker etter ein prost som har evne og vilje til samarbeid og medarbeidarskap, har evne til strategisk tenking, samt til å motivera og inspirera medarbeidarar og kyrkjelydar. Prosten inngår i biskopens regionale leiarskap, både i prestetenesta og andre oppgåver etter tenesteordning for prostar.

Jæren prosti dekker dei fire kommunane Time (18 600 innbyggjarar), Klepp (19 500 innbyggjarar), Hå (19 000 innbyggjarar) og Gjesdal (12 000 innbyggjarar). Nær 70 000 innbyggjarar bur i Jæren prosti. Det er 12 sokn i prostiet.

Kyrkjene er godt vedlikehaldne. Kyrkjelydane har jamt over eit svært godt og mangfaldig arbeid. Det er mange frivillige som gjer eit stort og viktig arbeid i kyrkjelydane. Stabane i kyrkjelydane utfører eit godt og solid arbeid, og er svært engasjerte i sine oppgåver. Nokre av kyrkjelydane sine gudstenester er blant dei best besøkte både i Stavanger bispedømme og i landet. Fleire av kyrkjelydane har i tillegg eit velfungerande barne- og ungdomsarbeid og mangfaldig kulturelt arbeid. Det er for tida 12 sokneprestar og 2 fengselsprestar (1 stilling på Åna fengsel, og 1 stilling fordelt på både Stavanger og Åna fengsel), alle tilsett av Stavanger bispedømmeråd. I tillegg er det 3 kyrkjelydsprestar tilsett av kyrkjelege fellesråd.

Jæren prosti har vakker natur som ligg open for alle å bruke: Dei mange strendene langs kysten til bading og turgåing, turterreng på Høg-Jæren og dei vakre fjella i Gjesdal på veg opp mot Hunnedalen og Sirdalen. Sirdalen med høgfjellsterreng ligg i tillegg berre ein time unna. Brekko i Gjesdal har friluftskapell og lysløyper med moglegheit for skigåing.

Kommunane i prostiet har eit rikt kulturtilbod for både born, unge og vaksne. I tillegg er det berre 20 minutt til Sandnes og 35 minutt til Stavanger med bil til kulturtilboda der.

Les heile stillingsannonsen og søk på stillinga.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"