Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Tilbake i den gamle tralten?

Også ved tidlegare kriser har ein undra seg: «Kva nå?»  Eg kjenner meg igjen i Peter; eg òg kan sparka småstein hardt innimellom og lure på korleis det no skal gå.

Søndag 19. april     

Johannes 21, 1-14

«Eg vil ut og fiska», sa Peter mutt og sparka småstein. Han og venene var tilbake, og her låg båtane som før, før denne forvirrande påsken i hovudstaden.

Plutseleg hugsa han, brennflau, korleis han hadde ropt ved bålet i borggarden… Kunne han aldri lære seg å passa kjeften? Så feig! Typisk! Alt øydelagt. Var nok best å berre gli inn i gamle tralten, gløyme…

Peter og venene hadde opplevd ei ganske spesiell tid; Jesus hadde fått dette gode håpet til å spreia seg. Men så: Arrestasjonen, sviket. Og han sjølv der ved bålet… Og så: Jesus drepen. Etterpå: Angsten for sjølv å bli tatt. Prøve å gli tilbake inn i same, gamle spora.

Peter tuppa siste steinen og gjekk om bord. Venene òg. Men, timesvis og ikkje fisk. Deppa rodde dei til lands. Der stod ein mann: «Kast garnet på andre sida!» Tulleforslag, men OK. Og då: Nota full! Kva skjer? Med dempa stemme kviskra Johannes: «Det er Herren!» Ja, faktisk: Jesus, i live! (Kaldsveitte: Oppgjer ventar…)

Men, ved dette bålet blei det tvert imot tilgjeving. Trass at Peter tre gonger hadde fornekta Herren: Jesus sette Peter venleg inn i det gode, nye sporet: Ver vitne, ikkje om deg sjølv, men om Den oppreiste som reiser opp.

Som sagt: Eg kjenner meg igjen i Peter. Skulle gjerne vore lojal, sterk og god. Men, dei gamle spora er djupe. Likevel: Jesus gjekk djupare, «så djupt som ingen veit», sona all vår synd og gav døden dødsstøtet. Vi treng ikkje døy; vi får leva med Jesus til æveleg tid!

Tilbake i den gamle tralten? Både ja og nei. Kvardagen må vi alle leve. Den kan innimellom vere grå. Men, noko har skjedd. I og med Jesus, som døydde, men òg stod opp: Midt i gamle tralten: nytt, godt spor!

Vi undrast «Kva nå?»
Jesus seier «Kom og få!»

Av Arild Markussen, pensjonert prostiprest/fengselsprest

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"