Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Eit teikn på håp og liv i ørkenen

Ei av perlene i Kristuskransen til biskop Martin Lønnebo er den sandfarga ørkenperla. Den har sin plass i kransen. I livet er det også grå og trassige dagar. Ei ørkenvandring er krevjande.

Mandag 30. mars

4. Mos. 21, 4 - 9

«Ba-midbar» er hebraisk og betyr «i ørkenen». Ørkenen er eit sentralt tema i fastetida. I bibelen er ørkenen også ein stad for å søke stilla og nærleiken til Gud. Men ørkenen kan også symbolisere det som er vanskelig i livet, og dei prøvingane som det kan virke umuleg å halde ut i.

Det vi opplever no i denne koronatida kan kjennast som å vere «i ørkenen».  Denne fastetida har blitt annleis. Det er satt så mange avgrensingar på det normale livet. Mange kjenner på frykt og ei usikker framtid. Vi kan heller ikkje samlast til gudsteneste, eller andre samlingar i kyrkja. I solidaritet med kvarandre må vi halde ut i denne ørkenvandringa.

«Ba-midbar» er det hebraiske namnet på 4. Mosebok. Denne boka i gamle testamentet fortel om dei 40 åra israelittane vandra i ørkenen mellom Egypt og Kanaan, det lova landet. Folket klager til Gud, og lengtar tilbake til kjøtgrytene i Egypt. Gløymt er slaveri og tunge bører som farao la på folket. Ørkenen er ein strevsam plass å vere. Dei ser tilbake på det som var, men håpet ligg der framme, i det lova landet.

Koparslangen som Moses reiste i ørkenen blei eit teikn på håp og liv. I Johannesevangeliet blir koparslangen brukt som bilete på Kristus som den krossfeste og oppstadne. Å rette blikket på han gir håp og liv:

«..slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv..» Joh. 3, 15

Same kva for «ørken» vi vandrar i: Gud går med. Kristus er vårt håp. Fest blikket på han!

 

Av Bård Egil Dyrhol, sokneprest i Rossabø menighet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"