«De er sauene mine»

Sist veke var 4-åringen med å hente ved oppe på ein fjellgard. Vårdag, fuglesong, grønt i liene og det evige suset frå elva. Vesla ville sjå inn i sauehuset - og der, heilt tilfeldig, fekk me sjå eit lam som vart født.

Bjarte Hetlebakke er sokneprest i Gjesdal sokn.

Måndag 27. april

Esek 34, 23-31

Det var fint å sjå kor omsorgsfullt og varsamt bonden følgde med, leidde dei andre sauene ut av båsen slik at den som fekk lam skulle få fred. Alt gjekk fint og om nokre veker skal sauene til fjells. Då reiser bonden opp for å sjå etter korleis dei har det. Passar på flokken som ein gjetar. Det står respekt av den livsstilen og den store vørdnaden for livet ein bonde har.

«De er sauene mine, flokken som eg gjeter» seier profeten Esekiel. Han talar Guds ord inn i ei vanskeleg tid. Esekiel er skarp mot dei som gjer urettferd og vondskap  - men i dagens tekst formidlar han, då som i dag, framtidshåp frå Gud: Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane. Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera. Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane. Dei skal ikkje lenger vera eit bytte for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skremma dei.

Den dagen me stod i fjøset og såg lamma vart fødde opplevde me noko som både var jordnært og heilagt. Orda til Esekiel er konkrete lett å sjå for seg. Men dei er også bod om noko stort og underleg, me syng det i ei salmestrofe av Blix: «Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song, du spår at Gud oss lagar eit betre vår ein gong.»

Håp, det er sterke saker – og dette håpet har me i han som ein dag stod fram og sa det rett ut: «Eg er den gode gjetaren!»(Joh 10) Jesus har gått gjennom død og grav for oss, og dette håpet fekk du i gåve den dagen du vart døypt. Eg tykkjer det er godt å høyra til hyrdingen som leier oss til grøne engjer, vatn der me finn kvile og nytt liv – ja endåtil gjennom dødsskuggens dal (Salme 23). «De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneska, eg er dykkar Gud.»

Av Bjarte Hetlebakke, sokneprest i Gjesdal sokn

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"