Gud kjem til oss

Vi menneske kan gløyme det meste. Ein sak er at vi kan gløyme ting. Kor er brillene mine? Eit ikkje uvanleg spørsmål for dei av oss som brukar briller.

Gjermund Lygre er sokneprest i Førresfjorden sokn

Onsdag 1. april

Filipperbrevet kap. 2,6-11

Ein del av oss er gode på å rote med årstal. Nokre gonger kan vi gløyme viktige avtalar eller gebursdagar. Eg er bortimot ekspert på det siste. Det som er verre et at vi og kan bevisst eller ubevisst gløyme andre menneske. Det er naturleg at vi gløymer, eller at minnet om andre som vi ikkje lenger er saman med til vanleg svekkjest. Det som er verre, er at vi av og til ikkje vil hugse andre. Vi vil ikkje vise omsorg mot andre menneske. Vi vil ikkje vil bry oss.

Vi kan vere glade for at Gud aldri kan gløyme oss. Han veit korleis vi strevar og balar på i livet og med livet. Vi kjenner at vi ikkje meistrar livet. Vi kjenner at vi ikkje strekk til. Bodskapen i teksten er at Gud kjem til oss. Han kjem til oss og våre gode og krevjande dagar. Gud blir menneske i Jesus, fordi han elskar alle menneske. Han elskar alle menneske og alt han har skapt. Han kan endre liv, han kan endre oss, vi som er så prega både av det gode og det vonde.

Jesus vil og kan. Han kjem til oss i dag som den levande og oppstadne frelsar. Han kan gjere dette fordi han døydde for alle menneske. Han tok med seg våre liv på krossen. Johannes døyparen har følgjande ord om Jesus: "Sjå det Guds lam som bærer verdas synder". Hans første helsing til oss frå den tomme grava er: Fred vere med dykk. Han kjem med tilgivelse, nåde, og godheit som forvandlar og som kan gje oss mot.

Kva kan vi gjere? For det første leggje våre liv i Guds hender. Når vi vart/vert døypte får vi del i alt det gode Jesus har gjort for oss. I dåpen overlet vi alt til Guds skapande barmhjertighet som Martin Lønnebo uttrykkjer det. Og vi kan be og seie saman med Maria då ho hadde hatt besøk av engelen: "La det skje med meg som du har sagt." Så kan vi vere aktive i vår kvardag for andre. Støtte naboen med å handle til han. Ringe til ho vi veit sit åleine. Vi kan gje andre menneske håp gjennom å støtte Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Fordi Gud har elska oss først, kan vi gje hans kjærleik til oss vidare til andre.

Når alle ting er til ende så skal vi få ta del i den store festen hos Gud. Då skal vi feire fridomen og leve og vandre i glede for alltid.

 

Av Gjermund Lygre, sokneprest i Førresfjorden sokn

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"