Påske i kontrastane si tid

Eg skal aldri gløyma 1. påskedag 1980. Eg var marineprest på sjøteneste på kystvaktskipet KV Stålbas på Vesterålsbankane. Det var 1 1/2 veke etter Aleksander Kielland ulukka.

Ludvig Bjerkreim er prost i Sandnes.

1. påskedag

Luk 24,1-9

Me sat sju rundt bordet til ei enkel gudsteneste. Påskeevangeliet blei delt og me hadde nattverd. Eg huskar ikkje kor mange som blei med til nattverden, men eg trur det var dei aller fleste.

I skuggen av Kielland-ulukka var det sterke kontrastar: Høgtid og alvor. Likevel ei heilag stund med påskeunderet: «Han er ikkje her. Han er stått opp.»

Seinare har eg fått vera med på mange gudstenester 1. påskedag med songen og musikken og ikkje minst fellesskapet med andre som syng: «Deg være ære, Herre over dødens makt.»

Då engelen hadde fortald kvinnene om den tome grava, reagerte dei med ein gong: «Dei fortalde det til dei elleve og alle dei andre.» Den forvirra og sensasjonelle nyheten blei delt: Tom grav og Jesus lever.

I år blir det underleg for mange med meg som for fyrste gong på lang tid, ikkje får feira dette i fellesskapet i ei kyrkja. Jo, me skal feira på nettet, på TV og andre måtar.

Påsken er så visst ikkje avlyst verken i samfunnet eller i kyrkja. Den blir annleis, men likevel like verkeleg.

Så ynskjer eg, når denne koronakrisa er over og kyrkjene opnast, påskefestgudstenester med nattverd. Då kan me i fellesskap feira tom grav og Jesus som lever. Fellesskapet både inspirerer og utfordrar til å vera ei levande kyrkje i dag, ei kyrkje som fylgjer i Jesu fotspor og rommar både fest og glede, gråt og sorg. Me vil vera ei kyrkje for folket, ei kyrkje som rommar heile livet.

«Han er ikkje her. Han er stått opp.»

God og velsigna påske til alle.

Av Ludvig Bjerkreim, prost i Sandnes

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"