Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fred vere med dykk

Har du kjent kor tungt det kan vere å gå ei strekning når du er trøytt eller lei deg. Same vegen spring eller går du på en blunk når du er glad!

Tirsdag 14. april

Tekst: Luk 24, 36-45

Medan dei tala om dette, stod Jesus midt i mellom dei og sa: "Fred vere med dykk!"

Slik kan eg tenke meg det var for dei to læresveinane den påskedagen dei møtte Jesus på vegen til Emmaus. Etter at han hadde opna auga deira, slik at dei såg at han var Jesus og han var levande! sprang dei nok til Jerusalem, om det var aldri så mørkt. Dei måtte  fortelje til dei andre at dei hadde møtt Jesus, levande. 
Og  så  blir det «gleda på gleda»: Dei får dei vite at andre  av læresveinane og har møtt Jesus levande!
Ikkje  nok med  det: Med eitt ser dei og høyrer dei Jesus. Han er saman med dei, og han helser dei Fred vere med dykk! Orda dei treng og som berre han kan sei med guddommeleg kraft. Nå er dei saman med han igjen! Dei ser han og dei høyrer han – og det er ikkje til å tru!

Så et han av fisken deira, og tankane og hovudet får sitt for å gripe det dei ser, høyrer og opplever: Det er verkeleg Jesus! Han lever! 

Kva seier denne teksten til meg? Fortellinga er så levande at eg ser det for meg!

Det dei fortel her, stemmer med det andre og vitnar om: Dei har møtt Jesus, levande! Han kom til dei! Om dei ikkje trudde det, så var han stått opp. Han oppsøkte dei og var saman med dei. Det er godt for meg, som vil satse på at dette er sant. 

Helsinga "Fred vere med dykk" treff meg, og gjer godt å lese. Same helsing fekk kvinnene ved grava, Thomas og fleire andre. Jesus visste kva læresveinane trengte å høyre. Han helser dei som sveik og dei som ikkje trudde med "Guds fred".

Jesus lever! Han går saman med oss og er her, sjølv om vi ikkje ser at det er Han. Han helser oss med "Guds fred"!

Glad helsing

Av Margit Strandenæs Haver, sokneprest i Jelsa og Erfjord

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"