Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Guds bod handlar om å elska

Når eg les i Bibelen fylgjande setning: «Å elske Gud er å halde hans bod», kjenner eg at eg får mest lyst til i trekke ned rullegardina og late som Gud ikkje finst.

Laurdag 18. april

1. Joh 5, 1-5

Eg må innrømme at orda «Guds bod» får meg til å tenkje på alt som eg ikkje må gjere viss eg vil kalle meg ein kristen. Orda har ein streng peikefinger over seg. Ein peikefinger som får meg til å kjenne meg mislukka. Viss testen på at eg elskar Gud, er at eg held boda hans til punkt og prikke, kan eg berre gi opp først som sist. Er det verkeleg dette kristendomen handlar om?

Jesus sa det slik: «Eit nytt bod gjev og dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar, at de har kjærleik til kvarandre.» (Joh 13,34-35) Guds bod handlar om det finaste og viktigaste som finst. Om den kjærleiken som får oss til å gjere godt mot kvarandre. Om praktisk omsorg. Om humor og glede. Om trufast arbeid og lindrande trøyst. Om å invitere inn i fellesskap i staden for å stenge ute. Om å gi kloke råd, og å tilgi. Alt dette gode som me kallar kjærleik.

Johannes seier at å elske Gud handlar om å elska «det som er fødd av han». Det er deg og meg. Viss det å elske Gud handlar om å elske dei alminnelege folka eg har rundt meg, vil eg gjerne bere kristennamnet. Og når eg sviktar, for det gjer eg innimellom, går eg til han som ennå har sårmerkte hender etter ei brutal krossfesting. Til han som har sigra over alt som øydelegg. Eg går til han som ber oss om å reise oss og elske, slik han har elska oss.

Av Sigrid Sigmundstad, prost i Ryfylke

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"