Frå sorg til glede

Dette året er det påsketid-vandring på Time kyrkjegard, og på fleire.  I påsketida – frå påske til pinse – står 14 stasjonar du kan vandra til.  Frå den gamle kyrkjegarden, over på den ferske nye, og tilbake.

Stein Ødegård er sokneprest i Bryne.

Sundag 3. mai

Joh 16, 16-22

Vandringa med påske sine håpstekstar oppsto i Italia i 1988 under namnet VIA LUCIS – LYSVEGEN og har spreidd seg utover i verda.

Eg gjekk runden i påska. Det var sterkt! Magne V. Kristiansen sine gode illustrasjonar. Bibeltekstar frå påskemorgon og dagane etter.  Kvinner i sorg. Tom grav. Forvirra disiplar. Undrande. Etter kvart forandra. Stadig nye forteljingar om den oppstandne som møtte dei. Med fred. Med oppdrag.

Desse 14 stasjonane prenta stillferdig inn dei massive spora og avtrykka av Jesus si oppstode i Det nye Testamente. Plassert på kyrkjegarden vart dei gripande uttrykk for det kristne håpet, for kjærleiken som er sterkare enn døden, for håp om evig liv. Omkransa av gamle graver og nysådd kyrkjebakke står lysvegen og vitnar. Om Jesus som går med oss i livet og tek imot oss i døden.

Midt i sundagane i påsketida kjem eit ord frå Jesus sjølv om sorg og glede og håp.  Sagt dagen før han døyr. Forsterka av det som skjedde etterpå og av dei 14 plansjane på kyrkjegarden. Ordet er til alle oss som ber på ei sorg og lurer på om noko i livet, eller livet i verda, kan bli bra igjen.

"No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal fyllast med glede, og den gleda skal ingen ta frå dykk.”

Den djupaste gleda kjem visst om me veit og kjenner dette: At uansett kva som skjer, så er eg sett av Jesus. Ingen kan ta gleda frå dei som veit at Jesus ser dei. 

Han ser og forstår noko i meg som ingen andre gjer slik som han. Han ser og forstår når eg er liten og redd, når andre sårar meg og eg dei. Når livet er einsamt og eg er redd for å vera åleine. Når eg sørgjer og har det vondt. Når eg er plaga og prega under ein pandemi. Når eg spør om framtid. 

Lysvegen i livet: Eg er sett av Jesus. Glede i hjarta, håp i sorg, fred i uro. Lysvegen går på løftet frå Jesus.  Den oppstandne som alltid kjem frå framtida: «Eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal fyllast med glede, og den gleda skal ingen ta frå dykk.”

Av Stein Ødegård, sokneprest i Bryne

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"