Lørdag 25. april
Men, ein dag! Så skal me enten reisast opp frå grava eller rykkast opp i sky, og bli forvandla i ein augneblink. Då skal me få ein himmelkropp!
Ein åndeleg konkret, fysisk og ekte lekam, som er meir verkeleg enn den me har no. Den kroppen fungerer både på jorda, i himmelen og i heile universet. Ein slik kropp som Jesus hadde når han stod opp frå dei døde. Dei sat for stengde dører. Dei gjekk langs vegen, plutseleg var Jesus der! Han åt og drakk. Dei kunne ta på han, samtidig som han kunne gå gjennom stengde dører. Plutseleg var han borte.
Ja, me vil kjenne kvarandre igjen! Dei kjende igjen Moses og Elia på Forklaringsberget, og dei hadde aldri sett dei to før. Og dei kjende igjen Jesus. Med unntak av når han måtte få fram eit poeng eller lære dei noko.
Men det viktigaste med denne kroppen, er at me kan vere i Guds nærvær utan avgrensingar. Den nye kroppen kan leve og fungere i ei verd, som er så mykje, mykje betre enn den me er i nå! Kroppen og verda me lever i nå – er laga i biletet til det som skal kome.
Men sjølv den finaste solskinnsdagen ute i Ryfylke, og den beste dagen du har opplevd på jorda, kan ikkje måle seg mot det som skal kome.
Så du får glede deg over den kroppen du har i dag. Gjer det beste ut av det. For ein dag – skal du få ein som er så uendeleg mykje betre.
Ein himmelkropp.
Av Terje Engstrøm, sokneprest i Talgje Sokn og Sjernarøy Sokn i Finnøy