Ny kropp!

No har me ein kropp – som er flott på mange måtar. Me kan kome oss rundt på jordkloda, arbeide for Jesus og leve ut vårt kall.  Du kjenner sjølvsagt til dei negative sidene med denne kroppen. I tillegg til at den eldast og døyr. Kroppen er til for ei kort tid, til sitt bruk på denne planeten.

Terje Engstrøm er sokneprest i Talgje sokn og Sjernarøy sokn i Finnøy.

Lørdag 25. april

1 Kor 15,35-42 

Men, ein dag! Så skal me enten reisast opp frå grava eller rykkast opp i sky, og bli forvandla i ein augneblink. Då skal me få ein himmelkropp!

Ein åndeleg konkret, fysisk og ekte lekam, som er meir verkeleg enn den me har no. Den kroppen fungerer både på jorda, i himmelen og i heile universet. Ein slik kropp som Jesus hadde når han stod opp frå dei døde. Dei sat for stengde dører. Dei gjekk langs vegen, plutseleg var Jesus der! Han åt og drakk. Dei kunne ta på han, samtidig som han kunne gå gjennom stengde dører.  Plutseleg var han borte.

Ja, me vil kjenne kvarandre igjen! Dei kjende igjen Moses og Elia på Forklaringsberget, og dei hadde aldri sett dei to før. Og dei kjende igjen Jesus. Med unntak av når han måtte få fram eit poeng eller lære dei noko.

Men det viktigaste med denne kroppen, er at me kan vere i Guds nærvær utan avgrensingar. Den nye kroppen kan leve og fungere i ei verd, som er så mykje, mykje betre enn den me er i nå! Kroppen og verda me lever i nå – er laga i biletet til det som skal kome.

Men sjølv den finaste solskinnsdagen ute i Ryfylke, og den beste dagen du har opplevd på jorda, kan ikkje måle seg mot det som skal kome.

Så du får glede deg over den kroppen du har i dag. Gjer det beste ut av det. For ein dag – skal du få ein som er så uendeleg mykje betre.

Ein himmelkropp.

Av Terje Engstrøm, sokneprest i Talgje Sokn og Sjernarøy Sokn i Finnøy

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"