Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kven er denne mannen?

Denne mannen. Ridande opp mot Byen. Nokre kjem ut av byen og hyllar han som konge. Andre følgjer etter og gjer det same. I religiøs ekstase. Andre igjen står og skuler på heile opptrinnet i frykt og/eller sinne.

Mandag 6. april

Sjå! Kongen din kjem, 
ridande på ein eselfole.

Joh 12, 15

Slik som Marta, som var så oppteken med å stella for Jesus at ho ikkje hadde tid til å høyra, er menneska i palmesøndagscenen så opptekne med å anten hylla ein politisk messias eller å forakta ein falsk messias, at Johannes ikkje fortel om nokon som såg han.

Ingen såg at han som reid opp til Byen denne dagen var Konge av ei anna verd. Konge ved å vera offerlam.

Evangelisten let ironien ropa stille ved å gjenta ropet deira «Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!». Det er henta frå Salme 118 i Det gamle testamentet. Ei salme som inneheld utsegn som «Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.» og «Du er min Gud, …»

For eigen del siterer han profeten Sakarja: Frykt ikkje, Jerusalem. Sjå! Kongen din kjem, ridande på ein eselfole.

Men dei såg ikkje, og stemninga i Byen kom snart til å snu.

Eg er glad i dette glasmåleriet i Høyland kyrkje i Sandnes. I motsetnad til dei fleste andre framstillingar eg har sett, let kunstnaren Olav Ansgar Larsen palmesøndags-Jesus koma rett mot oss. Me får ikkje stå som betraktarar på 2000 års avstand og sjå opptrinnet. Han stiller oss i Jerusalemsbuen sin stad.

No, som då, vibrerar spørsmålet:

Kven er denne mannen,
ridande mot oss?

glassmaleri.jpg

Av Tor Olav Varhaug, kapellan i Høyland sokn

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"