Kyrkjekultur Vest søkjer prosjektutviklar

No søkjer nyetableringa Kyrkjekultur Vest etter ein frimodig og strukturert medarbeidar som kan utvikle kultursatsinga vidare! Søknadsfrist: 1. mars

Kyrkjekultur Vest søkjer prosjektutviklar

Nyetableringa Kyrkjekultur Vest legg til rette for kraftfullt og spanande samspel mellom kyrkje, kultur og samfunn. Stiftarar er Bergen kyrkjelege fellesråd og Bjørgvin bispedøme, men KKVest har sitt eige styre med representantar både frå kyrkja, kulturlivet og politikken. Vi har som formål å synleggjere og styrke den kyrkjelege kulturkompetansen i heile bispedømet, og vidareutvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena. Arbeidet er relativt nystarta, med koordinering av Verdiseglas 2024 som vårt første oppdrag.

No søkjer vi etter ein medarbeidar som kan utvikle kultursatsinga vidare!

Kva skal du jobbe med:

  • Prosjektutvikling og søknadsarbeid
  • Dialog med aktuelle samarbeidspartnarar og finansieringsinstansar 
  • Programarbeid i samarbeid med aktørar frå kyrkje og kulturliv
  • Sekretær og sakshandsamar for styret

 

Kva slags kvalifikasjonar ser vi etter:

  • Økonomisk forståing og strategisk teft for «fundraising» på kulturområdet
  • Erfaring frå prosjektarbeid og gjerne utøvande kulturarbeid
  • Kunnskap om kulturbyråkrati og kulturpolitikk
  • Kjennskap til Den norske kyrkja

 

Kva kjenneteiknar den rette personen:

  • Sjølvgåande, strukturert, frimodig og må triggast av utviklingsarbeid

 

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: 50 %
  • Stillingstype: engasjement
  • Arbeidsstad: Bergen
  • Arbeidsgjevar: Kyrkjekultur Vest

 

Har du spørsmål til stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med styreleiar Sissel Vartdal på telefon 48 99 12 57 eller e-post sissel.vartdal@sunnfjordkyrkja.no. Du kan og kontakte styrets nestleiar Kjetil Almenning på telefon 92 63 64 08 eller e-post ka478@kirken.no

 

For å søkje på stillinga, sender du søknad med cv til sissel.vartdal@sunnfjordkyrkja.no

Søknadsfrist: 1. mars 2025

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"