Arna prøver ut haustkonfirmasjon

Konfirmantåret i Arna blir endra, i første omgang som ei prøveordning for 2024 og 2025. Informasjonsmøtet kjem i oktober, presentasjonsgudsteneste og oppstart blir rett over nyttår og konfirmasjonsgudstenestene i starten av september.

Arna prøver ut haustkonfirmasjon

- Haustkonfirmasjon har fleire fordelar, både pedagogisk og praktisk. Mange kyrkjelydar rundt om i landet har god erfaring med det, seier sokneprest Kristin Hjertaker.

Oppstart i januar

- Pedagogisk er det ein fordel at me kan kopla oss tettare på dei store høgtidene jul og påske, og at undervisninga blir meir komprimert. Oppstart i starten av januar blir flott! Då er det Openberringstid, ei lys tid i kyrkja der tekstane har fokus på kven Jesus er, han som vart fødd i stallen, som me akkurat har feira i jula, legg ho til.

Når undervisninga går fram til juni, opnar det seg også heilt andre moglegheiter for å kunna ha aktivitetar og samlingar utandørs. Med tanke på leir – og eventuelle alternativ her – er det ikkje endeleg avklart kva for tilbod det vil bli, og kva tid i konfirmantåret. Dette kjem me tilbake til.

Konfirmasjon i september

Mai er ei svært travel tid i kyrkja, både med og utan konfirmasjonar, noko som krev mykje ressursar i ein liten stab. Utfordringa er at ingen av dei andre tinga; som Kulturdagane i Arna, 17. mai, Kristi Himmelfartsdag eller pinse kan flyttast på.

Med konfirmasjonsgudstenester i starten av september vert eitt av høgdepunkta i kyrkja flytta til ei rolegare tid på året.

Omlegginga er vedtatt av soknerådet som ei prøveordning for 2024 og 2025 - og skal evaluerast. Dersom erfaringane ikkje vert slik ein håpar på, vil ein gå tilbake til vårkonfirmasjon frå 2026.

Les meir om innhaldet i konfirmanttida i Arna kyrkje her.

Bilde: Ei gruppe glade konfirmantar er klare til å gå inn til konfirmasjonsgudstenesta si (mai 2022).

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"