Velkomen til konfirmasjon i Arna kyrkje!

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Du får lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjend med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.

Velkomen til konfirmasjon i Arna kyrkje!

Konfirmanttida i Arna er satt saman av mykje forskjellig: Gruppesamlingar med ulike tema, fellessamlingar saman med heile konfirmantflokken, leir, gudstenester, og aktivitetar som skjer i kyrkja. 

Før påske er konfirmantane med på Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon. Den avsluttande konfirmasjonsgudstenesta er flott og høgtideleg.

Vi ynskjer at du skal kjenne deg som heime i kyrkja. At det er ein plass der du kan slappe av, prate med andre, ta del i det som skjer. 

Alle døypte som er fødd i 2009 får invitasjon i posten. Om du ikkje er døypt, kan du sjølvsagt vere med på konfirmasjonssamlingane. For å bli konfirmert, må du vere døypt. Så om du ikkje er det frå før, blir du det før konfirmasjonen. 

Alle har rett til ei god konfirmanttid uansett funksjonsevne. Dersom nokon treng tilrettelegging, så finn vi dei gode løysingane saman. 

I kyrkjelydshuset er det ungdomsklubb annankvar tysdag kl. 1900-2100. Der er det mat, leik, andakt og sosialt fellesskap. Alle ungdomar er velkomne der! 

Det skal vere informasjonssamling i kyrkja i oktober, der vi fortel meir om konfirmanttida. Følg med på kyrkja si heimeside og Facebook for informasjon om tidspunkt og detaljar når det nærmar seg. 

Konfirmasjonsdagane i 2024 er 1. september, 7. september og 8. september.

I løpet av oktober vil det kome informasjon og digital påmelding på Arna kyrkje si heimeside. I påmeldingsskjemaet kan du ynskje dato for konfirmasjon. Følg med på www.kyrkja.no/arna  

Vi gler oss til å møte deg!

Les også saka Arna prøver ut haustkonfirmasjon!

Foto: Bo Mathisen/Kyrkjerådet

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"