68 kyrkjer over heile landet har invitert til å seie ja til sin kjære på valentinsdagen.
Ei foreløpig oppteljing viser at minst 277 par har gifta seg i Den norske kyrkja på valentinsdagen. Dermed går dagen inn på lista over årets ti mest populære bryllaupsdagar. Det er ny rekord og meir enn firedobling frå valentinsdagen i fjor.
– Det er fantastisk at så mange vil kome når kyrkja opnar dørene og inviterer til feiring av kjærleiken, seier leiar i Kyrkjerådet Harald Hegstad.
Fylt til randen av kjærleik
I Bergen inviterte for første gang Birkeland kirke til drop-in-bryllaup. Sokneprest Kjersti Gautestad Norheim er overvelda over responsen.
– For ein dag! 13 par den 14. februar, nokre hadde mange gjestar, andre kom åleine. Seremoniane har vore enkle, nære og høgtidelege. Kyrkja er fylt til randen av kjærleik. Vi er overvelda og glade!
Det kom 13 ulike par. Nokre hadde vore saman i fleire tiår, andre kortare. Kledd i både kvite brudekjolar, bunad eller meir enkelt antrekk, med storfamilien eller utan nokon.
Det vart ein fin dag for dei ansatte som var med i Birkeland, og tilbakemeldingane frå dei som blei vigde var utelukkande positive.
- Eg var ikkje førebudd på at det skulle bli så fint. Takk for eit fantastisk opplegg! Vi er heilt overgitt over alt det fine de stelte i stand. Tusen takk, var meldingen frå eit av para.
Fleire mogelegheiter
Det er alltid mogeleg å ta kontakt med kyrkjekontoret og be om ein enkel seremoni, på kvardag eller i helg.
I 2024 vart 60 par vigde på valentinsdagen, og kyrkjerådsleiar Hegstad trur denne måten å gifte seg på appellerer til dei som ynskjer å gjere det litt enklare.
– Drop-in-bryllaup er ein litt enklare måte å gifte seg på, men som har det aller viktigaste i fokus, nemleg løftet mellom to menneske og Guds velsigning over ekteskapet deira.
Flest på austlandet
Den fylkesvise oversikta viser at det har vore flest vigslar på austlandet, men Birkeland kirke i Bergen og Heimdal i Trondheim hadde flest, heile 13 par i kvar kyrkje.
Fylke |
Antall par |
Agder |
5 |
Akershus |
65 |
Buskerud |
11 |
Finnmark |
2 |
Innlandet |
11 |
Møre og Romsdal |
17 |
Nordland |
21 |
Oslo |
41 |
Rogaland |
18 |
Trøndelag |
13 |
Vestland |
47 |
Østfold |
26 |
Total |
277 |