Fire bergenskyrkjer får pengar til rehabilitering

Kyrkjene i Årstad og Sandviken, samt middelalderbygga Bergen domkyrkje og Fana kyrkje får nytt tilskot frå Kyrkjebevaringsfondet - totalt over 3 millionar for 2025. - Vi er takknemleg for å få alt vi søkte om, seier kyrkjebyggsjef Arne Tveit.

Kyrkjeverge Mette Svanes (med ryggen til), kyrkjebyggsjef Arne Tveit, dagleg leiar i kyrkjebevaringsfondet Oddbjørn Eide og riksantikvar Hanna Geiran på befaring i Johanneskyrkja, som er under langvarig og omfattande rehabilitering.

Saman med kyrkjeverge Mette Svanes hadde Tveit denne veka med seg riksantikvar Hanna Geiran og dagleg leiar for kyrkjebevaringsfondet Oddbjørn Eide på ein omvisning inne i Johanneskyrkja, og heilt øvst i stillaset rundt tårnet for å sjå på skadane der. Kyrkja har tidlegare blitt tildelt midlar, og er under omfattande rehabilitering dei neste fem åra.

Fondet har teke imot totalt 164 søknadar om tilskot frå kulturhistorisk viktige kyrkjer frå nesten heile landet. 

Rustar opp middelalderkyrkjer før jubileum

- Vi er veldig takknemlege for at vi fekk ja til alle søknadane vi sende inn for kyrkjebevaringsmidler for 2025, seier kyrkjebyggsjef Tveit. Han ser fram til alt arbeidet som no kan fortsette, eller starte.  

- I Domkyrkja skal vi vere ferdig med rehabilitering før 1000-årsjubileet i 2030 – no har vi fått pengar til å planlegge dei delane av prosjektet som gjenstår. Også Fana kyrkje skal vere ferdig med rehabilitering før 1000-årsjubileet. I Sandvikskyrkja er vi i gang med å legge nytt tak på dei to sakristia, og så står ein del innvendig oppgradering i sakristia for tur.  

I Årstad har orgelet lenge hatt eit stort behov for rehabilitering.  

-Vi har skrive kontrakt med orgelverkstaden, som skal vere ferdig med rehabiliteringsarbeidet seinast i mars 2026.  

I tillegg til dei nye tildelingene, har vi også tildelinger frå i fjor som gjeld 2025, til Johanneskyrkja og til Korskyrkja. 

Årets tildeling i Bergen: Årstad kyrkje får kr. 665 000, Fana kr. 500 000, Bergen domkyrkje 300 000 og Sandvikskyrkja får kr. 1.660 000. I tillegg kjem nokre midlar i 2026. 

Sjå oversikta - desse kyrkjene får tilskot i 2025: Innvilget tilskudd søknadsrunde 2025.xlsx 

300 millionar i 2025

To personer i verneutstyr og gul vest oppe i et kirkestillas. Foto.

Geiran og Eide (bildet over) var på besøk i Bergen for å få eit innblikk i arbeidet som er godt i gang i Johanneskyrkja.  

– Regjeringa syner at dei meiner alvor med å satse på kyrkjene ved å sette av 300 millionar i tilskot for 2025, seier dagleg leiar Oddbjørn Eide. 

Det er varsla ei gradvis opptrapping til 500 millionar etter at startskotet gjekk i 2024. Slik skal det sikrast at det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å gjennomføre prosjekt som er planlagt.  

– Det er veldig godt å sjå at kyrkjebevaringsfondet er oppe og står. Kyrkjene er både prakt- og bruksbygg, og vi treng fleire dyktige handverkarar til å utføre vedlikehalds- og restaureringsarbeid i tida som kjem, seier riksantikvar Geiran, fungerande styreleiar for kyrkjebevaringsfondet.  

– Difor arbeider vi parallelt med tiltak i vår eigen handverksstrategi. No er tida verkeleg moden for dei som ønskjer å satse på restaurering og tradisjonelle handverk, seier Geiran. 

Fleire ulike problemstillingar 

Kyrkjene er sårbare kulturminne og det er mange ulike problemstillingar knytt til restaureringa av dei.

I Bergen fekk dei besøkande sjå handverkarar frå Akasia i full sving, både innandørs der det er store fuktskadar, og oppe i tårnet der det er synlege sprekker og fare for steinras. Mellom anna skal 40 000 enkeltglass restaurerast av glasmestarar, murarar er på jakt etter den perfekte mørtelen og taket med 13 000 skiferstein skal enten restaurerast eller skiftast ut av dyktige tømrarar.

– Det skal bli spanande å følgje prosjekta framover. Vi gler oss saman med kyrkjene som har fått tilskot, og er trygge på at kyrkjeløftet byggjast på fjell og ikkje sand, seier Eide. 

Fakta om kyrkjebevaringsfondet 

Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga. 

Den andre søknadsrunden kom allereie før jul. 

Regjeringa har tidlegare varsla ei gradvis opptrapping opp mot 500 millionar kroner i året til kyrkjebevaringsfondet. 

Sjå bevaringsstrategien for kyrkjene her. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"