Medarbeiderhefte fra Bjørgvin bispedøme

Høsten 2021 gir Bjørgvin bispedøme ut en ny versjon av sin ressursperm for oppfølging av medarbeiderere. Her finner man man mye nyttig informasjom knyttet til rekruttering, oppfølging og samarbeid med frivillige medarbeidere.

Medarbeiderhefte fra Bjørgvin bispedøme

Her er noen utdrag fra heftet og forslag til punkter som bør leses nærmere:

Den norske kyrkja har om lag hundre tusen frivillige. Med det talet er kyrkja ein av dei største aktørane på dette feltet i Noreg. Det er viktig å ta godt vare på kvar og ein av disse. Dei har kvar si grunngjeving
for å nytte både tid og krefter i kyrkja. Samstundes er det viktig å tenke korleis vi kan rekruttere fleire til denne tenesta.
- frivillig arbeid handlar om å skape eigarskap til kyrkjelyden
- frivillig arbeid handlar om at vi står saman som kyrkje
- frivillig arbeid handlar om å "gå ut i all verda"
- frivillig arbeid handlar om å legge til rette for at absolutt alle skal vere ein del av fellesskapet

Målsetjingen med rettleiaren:
- å legge til rette for meir mangfald blant frivillige og fleire frivillige medarbeidarar i kyrkja

- at dei som lar seg engasjere blir godt ivaretekne over tid

- at det blir ei god avslutting når engasjementet er over

- at alle opplever eigarskap til kyrkjelyden og kyrkja og at dei får nytte talentane sine her

Rettleiaren er bygd opp slik:
• Kapittel 1 handlar om bakgrunn, grunngjeving, teologi og forsking på frivillig arbeid.
• Kapittel 2 tar for seg arbeidsmetode i frivillig arbeid.
• Kapittel 3 konkretiserer arbeidet med frivillige.
• Kapittel 4 gjev innspel til dialog og kommunikasjon.
• Kapittel 5 samlar trådane og peiker framover.

Instrumentell og organisk frivillighet (side 12)
Den instrumentelle modellen har fokus på kva for arbeidsoppgåver som skal løysast og kven som skal løysa dei. Det handlar om å få fylt listene med namn slik at oppgåver som kjem blir løyste på ein god måte. Det handlar med andre ord om å få på plass oversikt over frivillige som både vil og kan gå inn oppgåvene slik at arbeidet i kyrkjelyden blir løyste på ein god måte i samarbeid med dei tilsette.

Den organiske modellen har fokus på kva for ressursar som er til stades i fellesskapet og kva desse ressursane kan løyse ut av frivillig arbeid. Modellen set menneska og deira ressursar i sentrum. At den enkelte kan få nytta sine ressursar og evner – meir «etter eige hovud» Innan denne modellen er ikkje lister og uløyste oppgåver det viktigaste, men heller kva for gåver og talent einskilde personar i kyrkjelyden både har, kan og vil bidra med.
I frivillig arbeid er det ikkje slik at den eine modellen er betre enn den andre.
Vi treng begge modellane for å kunne skape ein fylde i frivillig, kyrkjeleg arbeid.

Modellen «Sjå, bedømme og handle» (side 13-17)
Som det kjem fram i denne rettleiaren er det viktig både å planlegge, og, altså samstundes, vere open for at spontane ytringar kan ende opp i konkrete tiltak. Det er mao viktig å kunne kombinere organisk
og instrumentell modell innan frivillig arbeid i kyrkja.
Når ein skal planlegge meir konkret vil det vere nyttig å ha ein fleksibel arbeidsmetode som speler på lag med det organiske og det instrumentelle med tanke på korleis arbeidet i kyrkjelyden kan blir realisert. I rettleiaren nyttar vi modellen
som er utvikla i «Plan for diakoni». For ein fyldig presentasjon av denne modellen, sjå Den norske kyrkja sin «Ressursbank» om planen.
Dette er ein generell modell som er aktuell på mange område, både i kyrkja og elles i samfunnet. Arbeidsprosessen «Sjå, bedømme, handle» er ein sirkulær prosess og vert aldri avslutta.
«Sjå». Bruk blikket. Analyser kyrkjelyden og samfunnet vi er ein del av og dei tiltaka som må/kan/bør setjast i verk opp mot aktuelle utfordringar.
«Bedømme». Bedøm kva for oppgåver som må løysast. Ut frå analysen under «sjå» vurderer vi val og prioriteringar ut frå ressursane vi har tilgjengeleg.
«Handle». Handle på innhenta informasjon ved å sette i verk aktivitetar og tiltak
og evaluer resultatet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"