Frå den diakonale sommardagen

Vi arrangerte diakonal sommardag 24. august i Sødorp kyrkjestugu der vi var 35 samla.

Frå Sødorp kyrkjestugu

Eit sentralt spørsmål i diakonien er «Kva vil du eg skal gjere for deg?». Spørsmålet er henta ifrå teksten i Lukas (18: 35-43)  kor Jesus helbredar ein blind mann på vegen til Jeriko. Dette er også eit veldig ope spørsmål. Som mottakarar av dette spørsmålet, kan vi nær sagt svare alt mogleg. Vi kan svare «eg ynskjer fred på jord». Men likevel er spørsmålet veldig lukka. Og det skjønar båe parter i ei samtale. For det er begrensningar for kor mykje vi kan gjere i kvarandres liv. Vi som tenare har våre begrensningar. Spørsmålet er begrensa av kven vi er. Ingen aleine kan skape varige livsendringar i andres liv. Det er det opp til kvar enkelt. Om vi ynskjer å trene eller vere aktive, kan vi ikkje bære kvarandre fysisk, men vi kan bære kvarandre sosialt. Og syne forståing for ulike livssituasjonar. Kanskje vi er trøytte, på ulike måtar. Men det lille vi kan gjere, kan likevel bety veldig mykje.

På denne dagen tilrettelagde kyrkja eit møtepunkt der vi serverte tomatsoppe, vaflar, saft og kaffi. Vi song nokre songar som vi hadde plukka ut, og så fekk alle kome med eigne ynskjesongar. Til slutt «opna vi scena», slik at alle som ynskja å opptre, fekk presentert sine favorittsongar. Vi fekk høyra både «Kaptein Sabelstann» og «Jag trodde änglarna fanns» - og i en kyrkje treng vi englar som kan tene, enten vi serverar  tomatsoppe eller kaffi.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"