Konfirmantleir juni 2022

2023-Konfirmantane og ungdomsleiarar frå Nord-Fron var saman med konfirmantar frå Dovre/Dombås på leir frå måndag 20. til torsdag 23. juni på Nordfjord folkehøgskule.

Nord-Fron og Dovre samla ved Vereide kyrkje i Nordfjord

På leiren følgde dei ulike aktivitetar og undervisning med friskt mot, i skiftande vær. Dei har teke del i samhandlingsløype i skogen, og vore på båttur. Dei har sunge salmar og sett seg inn i bibelske tekstar og diakoni. Dei har lært om grenser i teori og praksis. Mange konfirmantar stilte sporty opp på morgonbad, og prøvde fiskelykka på ettermiddagene.

Den første kvelden var det leirkveld med grilling på plassen framfor skulen. Tysdag hadde vi filmkveld, med påfølgjande quiz. Festkvelden på onsdag starta med Frans av Assisi sin bøn og diakonal handvask, og fortsette med festmiddag. Etter dette var det tid for underholdning i «Ljosborg», der vi fekk oppleve fantastiske underhaldningsinnslag frå konfirmantar, ungdomsleiarar og vaksne.

Leiren vart avslutta med gudsteneste i Vereide kyrkje, der konfirmantane las sine eigne bøner og deltok i liturgiske handlingar med god stil. Ungdomsleiarane frå Nord-Fron illustrerte bibelforteljingar med små skodespel/tablå kvar gong vi hadde samling i kyrkja. Dette gjorde dei også under den siste gudstenesta. Konfirmantane var engasjerte, og uttrykte det med høge «amen», og song høgt på «Måne og sol».

Konfirmantane har vore tolmodige, samarbeidsvillige, og har vist godt humør. Kyrkja i Nord-Fron ønskjer konfirmantane og deira familiar ein fortsatt god sommar! Vi gleder oss til å møte alle att til hausten.

Vi retter ein spesiell takk til ungdomsleiarane og dei frivillige som stilte opp for konfirmantane denne veka, og gjorde ein strålande jobb!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"