Leseombod

– eit samarbeid mellom Nord-Fron bibliotek, Kyrkje og Frivilligsentral

Bibliotekar, diakonimedarbeidar og koordinator for frivillighetssentralen på biblioteket

I april søkte Nord-Fron bibliotek etter leseombod til Sundheim for å lese høgt for dei som ikkje kan lese sjølv. Ein av dei som meldte seg var Per Øyvind, som er diakonimedarbeidar knytta til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd. Ein av kyrkjas diakonale arenaer er Sundheim, kor kyrkja held andaktar kvar onsdag.

Per Øyvind fortel at diakoni har til hensikt å skape møteplassar og meining i folks liv, og at det å vere leseombod og lese for dei som ikkje kan lese sjølv er et bidrag til å tene i menneske sine liv. Den norske kyrkjas diakonale verksemdsområde «Kampen for rettferd» kan sjåast i ljos av FNs berekraftsmål nummer 10: «Mindre ulikheit». Målet handlar om å sikre like moglegheiter og redusere forskjellar i levekår, og sikre tiltak for å nå dette målet.

Høgtlesing på Sundheim skaper meining i kvardagen til bebuarane her og nå. Per Øyvind fortel at lesestundene er ei positiv oppleving, der tilhøyrarane responderer med smil og glede, og nokre blir av og til rørt og. Han har lese alt frå norske folkeeventyr og segner, til historier av Prøysen og forteljingar frå lokalsamfunnet vårt. Nå har samarbeidet to frivillige leseombod, som sørgjer for gode lesestunder på Sundheim. Dei har gode erfaringar som leseombod. Biblioteket hjelper til med å finne fram bøker, historier og tekstar som egnar seg til høgtlesing.

Det er ynskje om fleire leseombod. Om du ynskjer meir informasjon eller vil melde deg som leseombod, så kan du ta kontakt med Per Øyvind eller Nord-Fron bibliotek.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"