Lyden av jul - juleandakt fra biskop Kari

Lyden av jul - juleandakt fra biskop Kari

Eg veit at fleire synes det er vanskeleg å samle seg om julas bodskap i denne juletida. For det er så mykje som skjer og mange av oss blir urolige av påtrengande nyheiter og vonde bilde av medmenneske som lid.

Lat oss likevel prøve på nok ein gong gå inn i stallen eller i den grotta, der Maria og det nyfødde barnet ligg. Denne jula har eg eit behov for å forsøke å være der, i roa og stillheita.

Eg trur eg må det akkurat no. Ja, for å kome vidare, må vi alle ta eit lite steg side og slå av alle lydar og forsøke å lytte. Lytte til lyden av eit nyfødt barn. Og tenke at alt står på spel her.

Har du høyrt det? Ein baby som pustar ut og inn i ein nesten himmelsk rytme?

Korleis høyrest Gud ut? Ei høg stemme? Ein buldrebass? Skremmande lyd av tordenvær? Profeten Elia gjømte seg også i ei grotte og han oppdaga at Gud var ikkje i stormen,/../ ikkje i jordskjelvet, /.../ ikkje i elden»,  men derimot i «stillheten etterpå» i «lyden av ei skir stille.»

«Lyden av skjør stillhet» på bokmål. Dette er eit uttrykk det ikkje er lett å omsetje til forståeleg norsk. I ein salme syng vi «linne susings røyst» og før heitte det i bibelomsetjinga «ljoden av ei linn susing», lyden av en svak susing.

For å høyre må vi lytte og vere nær bakken. I den lyden er Gud.

Gud som noko anna enn ein skremmande og valdsam krigsgud. Lyden av eit barn som pustar trygt i nattas stillheit. Noko som gir håp og livsmot, og faktisk også, har fleire oss erfart, kan gi livsmot og lyst til å verne dette barnet og alle barn mot farar. 

Vi kan med fordel synge Ylva Egghorns salme (NoS 354) litt stilt for oss sjølve og for kvarandre denne jula:

Du är ett barn som ligger på ett jordgolv,
du fryser om vi inte griper in.
Du rör vid kroppar, hatar orättvisor,

Du är en vind som säger: det blir vår.
Du kommer som en flykting över bergen
Du följer oss dit ingen annan går

Med desse orda vil eg ønskje alle Guds fred i jula.

Kari Veiteberg, biskop

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Asker menighet

Asker menighet

Kirkelia 3

1384 Asker

Telefon: 66754090 (sentralbord for kirken i Asker)

Asker kirke ligger i Kirkelia 7

Kontonummer: 1620 30 33110

Vippsnummer:

Gaver og offer: 11783

Kultur: 688936

Andre arrangementer: 804479

 


Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"