Sjå "Salmeboka minutt for minutt" i reprise

Her kan du sjå heile "Salmeboka minutt for minutt" på nytt, samt bilete frå bak kulissane under sendinga.

Nidarosdomen sitt jentekor syng under «Salmeboka minutt for minutt». Foto: Vidar Kristensen/Kyrkjerådet

Frå fredag 28. november til søndag 30. november vart alle dei 899 salmane i salmeboka sunge på direktesendt tv. 

Sjå bilete frå bak kulissane nedst i artikkelen.

Både preses Helga Haugland Byfuglien, kulturminister Thorild Widvey, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og sametingspresident Aili Keskitalo var tilstades då salmemaraton-sendinga starta i Vår Frue kyrkje i Trondheim 28. november kl. 12.

Sendinga vart avslutta søndag 30. november kl. 23.59.

Sendt på tv og nett

Det var fleire måtar ein kunne få med seg dette storstilte arrangementet på. Du kunne sjå tv-sendinga direkte på NRK2 - 60 timar i strekk. Det same kunne du gjere på nrk.no.

- Vi kjem til å lage fleire nettsaker til nrk.no til helga, fortalte Liv Ragnhild Sjursen, nettjournalist for Salmeboka minutt for minutt hjå NRK, til kyrkja.no i forkant av sendinga.

Emneordet #nrksalme

I tillegg var det stor aktivitet på sosiale medier. På Facebook- og Twitter-kontoen til NRK Livet heldt to til tre NRK-journalistar følgje med på responsen på sosiale medier.

NRK oppfordra dei som ynskte å publisere bilete eller å skrive kommentarar på Facebook eller Twitter om å nytte emneordet #nrksalme.

- Vi ynskjer oss kommentarar, opplevingar og bilete på Facebook, Twitter og Instagram, sa Sjursen.

Det var også mogleg å kommunisere med programleiarane undervegs.

- Ja, vi kjem til å tipse programleiarane om kommentarar og bilete som kjem inn frå folk og som kan vere fine å nemne på skjermen, sa Sjursen.

I alt 50 NRK-tilsette arbeidde med denne sendinga. 200 kor med korsongarar i alle aldre deltok undervegs. NRK samarbeidde med Korforbundet i Trøndelag, Kirkerådet, Kirkens bymisjon og Kirkesangforbundet om dette arrangementet.

I ruta under kan du sjå heile sendinga i reprise. Heilt nedst i artikkelen finn du fleire bilete fra bak kulissane.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"