Vedtekter for Hareid kyrkjegard

Jfr. lov av 7.juni 1996 nr 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21. Vedtekne av Hareid kyrkjelege fellesråd 18.06.2013 i sak 31/13. Godkjende av Møre bispedømmeråd 25.07.2013.

Vedtekter for Hareid kyrkjegard

§1       Kyrkjegardstilhøyring

Alle som bur fast i Hareid kommune når dei døyr, har rett til fri gravplass i 20 år på Hareid kyrkjegard. Dei som ikkje har rett til fri gravplass, kan få gravplass etter løyve frå kyrkjeverja, mot å betale dei avgiftene som til ei kvar tid er fastsette.

§ 2       Fredingstid og festetid

Fredingstid for graver er 20 år. 
Festetida er 10 år.

§ 3       Feste av grav

Når ei kistegrav blir teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sidan av. Dersom det er ynskje om eller trong for fleire enn to graver, kan ein reservere ei ekstra grav i tillegg dersom det er disponibel plass. Desse gravene utgjer då ein gravstad. For graver i tillegg til frigrav, betaler ein festeavgift frå første stund. 
Ved bruk av særskilt urnegrav kan det ikkje festast ei grav ved sidan av.

Når festetida er ute, kan festet fornyast for nye 10 år. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan samtykke frå fellesrådet.

I god tid før festetida er ute, skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan seks månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom det ikkje kan innhentast samtykke frå festaren, kan kyrkjeleg fellesråd ta avgjerd om gravlegging.

Festar pliktar å melde adresseendring.

§ 4       Grav og gravminne

Ved opning av grav kan jord leggast på omkringliggande graver og gravutstyr mellombels flyttast. Dei tilsette på kyrkjegarden vil syte for istandsetting att og også sjå til at grava vert planert og tilsådd etter gravlegginga.

Før gravminne vert sett opp, skal dette godkjennast av kyrkjeleg fellesråd. På ny festa gravstad vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som er teken i bruk først. Det kan ikkje settast opp før tidlegast fem månader etter gravlegging av kiste. I tida frå gravlegging til gravminne vert sett opp, kan ein sette opp eit merke med namnet til den døde på.

§ 5       Plantefelt

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt med same høgda som bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vere opptil 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vekstar som er høgare enn gravminnet eller som går ut over plantefeltet.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ei bedplate eller ein delt steinkant som fluktar terrenget omkring. Det er ikkje høve til å nytte dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter eller liknande utanfor plantefeltet. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

§ 6       Plantemateriale

Plantar, kransar og liknande materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal i det heile vere komposterbart.

§ 7       Stell av grav

Den som er gravfestar eller ansvarleg for frigrav, har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt, skal såast til av festaren, eller det vert gjort av dei tilsette på kyrkjegarden.

§ 8       Gravstellavtale

Ved innbetaling av eit bestemt beløp frå ansvarleg for frigrav eller festar, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvaret for planting og stell av grava for eitt eller fleire år. I kvart enkelt tilfelle skal det opprettast ein gravstellavtale. Det innbetalte beløpet skal dekke utgiftene til planting og stell av gravstaden etter den inngådde avtalen, administrasjon og revisjon for eit fastsett tidsrom og ev meirverdiavgift til staten.

Det kan ikkje gjerast avtale for lengre tid enn frigravperioden eller den festetida som ligg føre. Dersom det skulle skje at fondsmidlane ikkje skulle strekke til i festeperioden, skal kyrkjeleg fellesråd gje melding om dette til den ansvarlege eller festaren. Det er då høve til å auke fondet slik at det varer tida ut. I motsett fall vil vedlikehaldet opphøyre når midlane er oppbrukte.

Dersom det skulle vere midlar att av fondet når festetida er ute, vert desse nytta av fellesrådet til formål på kyrkjegarden.

Kapital frå dei ulike avtalane vert forvalta felles og inngår i fellesrådet sin rekneskap.

For midlar som er sette inn på soknet sin gravfondskonto, skal det førast eigen rekneskap for kvar enkelt avtale.

§ 9       Næringsverksemd

Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal innhente løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Dei tilsette på kyrkjegarden kan ikkje utføre tenester knytte til kyrkjegarden, for private eller næringsdrivande, mot personleg godtgjersle. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer og tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"