Årsmøtet som var tenkt saman med vårmesse i mars, blei kansellert grunna koronapandemien. Dette blir difor eit forenkla årsmøte for Hareid sokn. Vi kan sjå tilbake på eit år med mange hendingar i 2019, desse kan du få høyre meir om når soknet skal presentere årsmeldinga. Vel møtt! Vi forheld oss til gjeldande smittevernreglar og kan ha 50 inne i storesalen i gongen.
Misjon
Ein søndag i juni brukar vi å ha misjonssøndag på Holesanden, i år blir denne gudsteneste i kyrkja til vanleg tid, og kyrkjekaffi på kyrkjelydshuset etter gudstenesta. Misjonsutvalet brukar kvart år å ha ulike arrangement til inntekt for kyrkjelyden sitt misjonsprosjektet i Thailand. Det vert trekning av loddbøkene til inntekt for misjonsprosjektet vårt, med mange flotte gevinstar. Sal av «matpakke» og kaffi, og om du fortsatt vil kjøpe lodd, er det og høve til det.
Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt er knytt til NMS «Barn og unge i Thailand». Vi bidreg til at barn og unge får ein betre start i livet og høve til å gå på skule, og unge mødre får hjelp i ein vanskeleg livssituasjon. Vi ser det som viktig at misjonsperspektivet vert halde oppe i kyrkjelyden vår, både gjennom denne Misjonssøndagen, Middag & Misjon og dei ulike fasane i trusopplæringa der barn og unge får lære om misjon og lage gevinstar til åresal.