Hareid kyrkje og nye tiltak frå 15. desember

I ei tid der mange saknar og treng lys og varme, ønskjer vi å vere ei tilgjengeleg og varm kyrkje. Vi tek samtidig del på den viktige dugnaden for godt smittevern. Å møte ei opa kyrkjedør og ha eit kyrkjeleg tilbod innanfor gjeldande smittevernreglar er viktig for mange. Kyrkjedørene blir ikkje lukka, vi tilrettelegg heller så godt som vi kan.

Lyset symboliserer Jesus, som sa han var «verda sitt lys»

Dei nye nasjonale reglane for innandørs offentlege arrangement er 50 deltakarar på faste tilviste plassar. I tillegg til desse antalsbegrensningane, er det no eit nytt krav om at arrangør skal sørge for ei oversikt over kvar den enkelte deltakar sitt.
Dei som ikkje tilhøyrer same kohort, skal holde minst 1 meter avstand under heile arrangementet.  Det er påbod om bruk av munnbind på arrangement innandørs, der ein ikkje kan halde 1 meter avstand (eks inn/utgang av kyrkja). Arrangør er pålagt å registrere deltakarar, for eventuell smittesporing. Lista skal oppbevarast i 14 dagar før den makulerast.

  • Inntil 50 deltakarar på fast tilvist plass
  • Deltakarliste (namn og mobilnr) skal førast og oppbevarast i 14 dagar før makulering
  • Det skal førast oversikt over kvar den enkelte deltakar sitt
  • 1 meter avstand mellom dei som ikkje tilhøyrer same kohort (eks inn/ut av kyrkja).
  • På faste tilviste plassar, er det tilstrekkeleg med ein ledig plass (om lag 1 meter) mellom deltakarane på same rad. Alle kyrkjebenkane kan brukast.
  • Påbod med munnbind på innandørs arrangement (ta med munnbind sjølv), der ein ikkje kan holde 1 meter avstand. Unntak er barn under 12 år.

 

Vi oppmodar alle til å fortsatt halde på gode vanar for å hindre smitte:
-vaske/sprite hender
-ikkje klemme og handhelse
-bruke munnbind
-vere heime viss ein ikkje er frisk.

Inntil vidare får vi heller sende gode blikk og bry oss om kvarandre på anna måte.

 

Konsert  med Fjøresteinane 17. desember kl 20.00 - PÅMELDING
Etter tradisjonen kjem Fjøresteinane til Hareid kyrkje for å syng og spele julesongar for oss, fredag kveld 17. desember kl 20. Leiar Stig Grimstad, vil samen med Fjøresteinane lose oss gjennom kjende og kjære julesongar. Dette er eit av høgdepunkta for å kome i julestemning. Arrangementet er gratis, men mogleg å gi kollekt. Inntil 50 deltakarar.
PÅMELDING: Send SMS til Stig Grimstad mobil 92821935 (navn, mobilnr og antal)

Min favoritt-konsert 21. desember kl 19 og kl 21
Viktig melding ang. MIN FAVORITT konsert!
Billettsalet er stoppa! Nye restriksjonar seier 50 tilhøyararar i kyrkjebenkane. Vi vil gjerne få gjennomført konsert til glede for så mange som mulig. Dei første 50 billettane (står nr. på billettane) på konserten kl. 21, kan behalde sine billettar. Dei andre kan enten få pengane tilbake eller byte over til kl. 19 så langt der er plass. Ta kontakt med kyrkjekontoret så ser vi kva løysing som er mulig. Her gjeld først til mølla!

Påmelding til gudstenestene julaftan kl 13.00, kl 14.30 og kl 16.00 - PÅMELDING
Julaftan legg vi opp til tre gudstenester i kyrkja, kl. 13.00,  kl. 14.30 og kl. 16.00. Inntil 50 deltakarar på kvar. Alle tre gudstenestene vert streama, men dei som melder seg på kan delta ved fysisk frammøte. Dette for å hindre samanstimling ved registrering i døra og for at vi best mulig skal kunne tilvise plass etter gjeldande reglar.
PÅMELDING: SMS til 92 09 01 74 eller ring kyrkjekontoret 70095130


Kl. 13.00, medverkande:
Julaftan-gudsteneste v/Barbro Landmark og Ida Teige.
Song v/Kristin Leirbekk Husøy og Sofie Tonev.
Offer: Kirkens Nødhjelp via Vipps 16290.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal

Kl. 14.30, medverkande:
Julaftan-gudsteneste v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.
Hareid Barnekantori, Sissel Riise, Emily Bigseth og Vibeke Rafteset tek del.
Offer: Kirkens Nødhjelp via Vipps 16290.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal

Kl. 16.00, medverkande:
Julaftan-gudsteneste v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.
Lovise Yri, Kristin Liavåg Karstensen og Siv Helen Olsen tek del.
Offer: Kirkens Nødhjelp via Vipps 16290.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal.


Gudsteneste 1. juledag kl. 1100 - PÅMELDING
Gudsteneste ved Lars Hartig-Tangedal. Nattverd.
Offer: Sjømannskirken via Vipps til 16290.
Ole Martin Øyehol og blåsara frå Melshorn tek del.
Inntil 50 deltakarar.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal.
PÅMELDING: SMS til 92 09 01 74 eller ring kyrkjekontoret 70095130


Nattverdsgudsteneste HADARTUN 19. desember kl. 1100
v/Lars Hartig-Tangedal. Song v/Emilie Liaset-Eriksen, piano v/Svenning Veiseth. Kun for bebuarane på Hadartun.


Gudsteneste Nyttårsaftan kl 21.00 - PÅMELDING
Før nytt år og felles fyrverkeri på Hareid (kl 22), blir det gudsteneste i kyrkja v/Margit L. Holte. Organist Ida Teige og song v/Liv Ellen Overå. Inntil 50 deltakarar.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal.
PÅMELDING: SMS til 92 09 01 74 eller ring kyrkjekontoret 70095130

AVLYST!
Familiejulefesten på kyrkjelydshuset med gang kring treet 30. desember, blir diverre avlyst.


Leige av kyrkjelydshuset
Minnesamver i leigde lokaler etter bisetting/gravferd, kan det vere inntil 50 deltakarar MED faste tilviste plassar, eller inntil 20 deltakarar UTAN faste tilviste plassar. Sjå elles gjeldande smittevernreglar som nemnt ovanfor.
Andre private arrangement som selskap, dåpsselskap o.l. kan vere inntil 20 deltakarar i leige lokaler. Ta kontakt med kyrkjekontoret ved leige eller spørsmål.


Grunna pandemien er kyrkjekontoret stengt for besøkjande inntil vidare.
Kontaktinformasjon:

Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Telefon: 70095130
Kyrkjeverje: 97612086
Sokneprest: 99787199

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"