Funne i kyrkjemuren då nytt golv blei lagt på 1950-talet

Det jobbast med ei historiebok om korleis kyrkje og kristendom opp gjennom åra har vore med på å skape Hareid. Her vil vi mellom anna kunne lese om ein liten leddik (skrin) som var funnen inne i kyrkjemuren då nytt golv vart lagt i kyrkja på 1950-talet.

Leddiken som står i alteret i Hareid kyrkje. Foto: Leidulv Ø. Grimstad

I alterskåpet i Hareid kyrkje er der ein liten leddik.  Den blei funnen inne i kyrkjemuren ved eit høve i den tida Lauritz Grimstad var medhjelpar i kyrkja, 1922-1972.  Mest truleg var det rundt 1951 då nytt golv vart lagt i kyrkja.

Opp i ledikken var det "støv" av det som truleg var eit lite foster eller barn. Truleg er det ei ung jente som har abortert eller fortidlegfødd, og som ville at barnet skulle kome i kristna jord, men som ikkje torde å gjere det offentleg. 

"Støvet" vart mest sannsynleg lagt i ei grav i høve ei anna gravferd (slik det var vanleg på den tida), medan leddiken står i alterskapet.

Historieboka kjem vi tilbake til seinare, men planen er utgjeving hausten 2023.
Forfattar er Asle Geir Widnes Johansen og utgjevar er Hareid Historielag.
Midlar til prosjektet kjem frå fleire, mellom anna Hareid historielag, Sparebanken Møre, Møre bispedøme, Hareid kyrkjelege fellesråd og Hareid kommune.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"