Tidebønkveld 21/2 kl 19.30 i Hareid kyrkje

Hareid kyrkje inviterer til samlingar kvar onsdag i fastetida, i tillegg til vanlige gudstenester. Innhaldet blir variert, og vi vonar her er noko for ein kvar smak. Onsdag 21. februar kl 19.30 ønskjer sokneprest Leidulv Ø. Grimstad hjarteleg velkomen til tidebønkveld saman med nonnene frå Nordal. Tidebøn er namnet på ein bønespraksis, som følgjer døgnets rytme.

Tidebønkveld 21/2 kl 19.30 i Hareid kyrkje

Tidebøn er namnet på ein bønespraksis, der følgjer døgnets rytme. Tidebønner har mest omfattande vore dyrka i klostersamfunn, der ein døgnet igjennom har halde tidebøngudstenester.

Tidebøner, i den katolske kyrkje, er liturgiske bøner som er knytt til bestemte tider av døgnet. Alle prester og diakonar samt medlemmer av ordenssamfunn er forplikta til å be tidebønene dagleg.

Tidebøner er gudstenester som grip langt tilbake i historia for vår kyrke, og har røter i den jødiske tradisjonen og blei vidareført i den tidlege kristne kyrkje. Det nye testamentet vitnar om at dei første kristne bad til visse tider, både enkeltvis og i fellesskap (Apg 3,1, 10,9 og 16,25). Størstedelen av innhaldet i tidebønene er henta frå Bibelen, både frå Det nye og Det gamle testamentet. Jesus og disiplane bad de gamaltestamentlige salmane i Salmane si bok, og dette er kjernen i tidebønene.

I tillegg til den faste høgmessa på søndagar, er tidebønene ei hjelp til eit regelmessig kristent bøneliv, uavhengig av våre følelsar og stemningar. Vi trenger ikkje sjølv å velje ord, men får kvile i bibelske formuleringar og bøner som kristne har bedt gjennom historia. Bibeltekstene dekkjer heile skalaen av menneskelege tankar og erfaringar, og den enkelte kan delta i bøna ut frå eigen ståstad og samstundes vere i eit kollektivt bønefellesskap.

Tidebønner har en tusenårig tradisjon i vår kyrkje. Vi har ikkje eksakt kunnskap om når det tok til, men vi har historisk materiale for at det vart bedne tidebøner i Nidaros då erkebispesetet ble oppretta i 1153. Truleg er tidebøntradisjonen enda eldre, og det er denne tradisjonen vi står i når vi praktiserer tidebøner i dag.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"