Gradvis gjenopning av kyrkja

Frå og med 23. februar blei det opna for inntil 100 deltakarar i kyrkjene, men dette seier ikkje nødvendigvis at det er plass til 100 i Hareid kyrkje. Kjem heilt an på om det er mange kohortar, då er sjansen større for å klare nærmare 100. Framleis gjeld strenge smittevernsreglar for gjennomføring av arrangement.

Gradvis gjenopning av kyrkja
  • MØT OPP I GOD TID til arrangement i kyrkja, slik vi klarer å betene mottakinga innandørs (registrering og tilvising plass).
  • Vi må framleis føre deltakarlister for eventuell smittesporing (makulerast etter 14 dagar)
  • Vi vil tilvise plassar for å holde avstand mellom kohortar/husstand
  • Hald minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i same kohort/husstand 
  • Ved allsong skal det vere 2 meter avstand til andre som ikkje er i same kohort.
  • Ein kan ikkje forlate plassen under arrangementet, med unntak av naudsynte ærend (til dømes toalettbesøk, gå fram ved dåp eller nattverd, eller medverknad i arrangement).
  • Unngå berøring av inventar og utstyr
  • Alle som tek del må vere friske og ivareta god håndhygiene
  • Reglane gjeld både inne- og utandørs


Regjeringa presiserer at smittesituasjonen i landet framleis er ustabil og med fare for smitteauking, og seier at ein ikkje bør delta på arrangement i anna kommune enn heimkommunen. Dette for å unngå å samle personar frå ulike kommunar.

Gudstenester
Det er ikkje naudsynt å melde seg på til gudstenester. Dei som kjem til gudsteneste vert registrert og vert vist til ein plass i kyrkjerommet. Her må ein sitte med to meters avstand til dei ein ikkje er i same husstand med, sidan det er anbefalt to meters avstand under fellessong. 

Dåp
Dåp blir enten lagt til gudstenesta søndag, eller til eiga dåpsgudsteneste. Dette kjem an på størrelsen til dåpsfamilien som skal ta del i kyrkja. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale nærmare.

Gravferd
I høve gravferder må vi ha deltakarliste frå dei pårørande på forhånd, og seinast kl 16 dagen i forkant av gravferda. Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no. Deltakerlista må merkast med kohortar/folk frå same husstand.
Det må framleis vere 2 meter avstand mellom personar frå ulike kohortar/husstand, dersom det er fellessong. Det kan difor vere aktuelt å ikkje ha fellessong i gravferder, dersom dei pårørande heller prioriterer å få plass til flest mogleg inntil 100 personar. Utan allsong er avstandsregelen 1 meter.
Er det få på deltakarlista, kan der vere ope for andre å ta del – men ein kan risikere å bli stoppa i døra når grensa er nådd - for å holde smittevernreglane.

Private samankomstar
(inkl. minnesamvær) i leid lokale er fastsett til maks ti personar. Barn og unge (0-20 år) er prioritert og er m.a. unntatt frå kravet om maks 10 deltakar.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"