Nye restriksjonar 4.-18. januar 2021

Nye smittevernreglar gjer at gudstenester og andre aktivitetar ikkje vil gå som normalt.

Kyrkja følg dei nasjonale restriksjonane og tilrettelegg ut frå dette, etter til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar.

Regjeringa kom med nye koronarestriksjonar, desse gjeld i første omgang i perioden 4.-18. januar. Restriksjonane påverkar også kyrkja sin aktivitet.

Det er viktig at vi er med på å forhindre smitte og ha gode smittevernsrutiner på våre arrangement. Vi ønskjer å vere til stades som kyrkje i lokalsamfunnet, der vi skal forkynne evangeliet. Vi må gravlegge dei som går frå oss og vi skal bidra til dei som treng hjelp av ulik grad, vi skal vise omsorg og vi skal be for kvarandre og for verda.

DIGITALE GUDSTENESTER
I denne avgrensa perioden, blir det diverre ikkje mogleg å møte fysisk til gudsteneste i kyrkja grunna restriksjonane (maksgrense på 10). Men vi vil tilby digital gudsteneste på Facebooksida til Hareid kyrkje søndagar kl 11 og overføring av gudstenestane til bebuarane på Hadartun på same tidspunkt (TV, kyrkjekanalen).

ANDAKTER HADARTUN
Det blir diverre ikkje andakter på Hadartun i denne avgrensa perioden. Men gudstenestane søndag kl 11 vil bli overført digitalt til bebuarane på Hadartun. Sjå på TV, kyrkjekanalen.

DÅP
For dei som har planlagt dåp i kyrkja, kan desse gjennomførast som eigne dåpsgudstenester med maksimalt 10 til stades. Ta gjerne kontakt dersom de planlegg dåp.

GRAVFERDER
Gravferder er som tidlegare med restriksjonar og maksimalt 50 deltakarar på seremoni i kyrkja og ute ved grava. For dei som eventuelt ynskjer å ha minnesamvær etter gravferda (i leigde lokaler) er dette no avgrensa til 10 deltakarar.

TRUSOPPLÆRING
Det blir IKKJE gudsteneste med utdeling av Biblar til 10. åringane søndag 10. januar.
Vi vil gjerne tilby og gjennomføre tiltaka vi har for barn og unge i Hareid, men vi må til ei kvar tid forhalde oss til gjeldande smittevernreglar.
Meir informasjon vil kome fortløpande.

BARNEKOR/SONG
Barnekantoriet, Vi-koret, babysong og Småbarnsong blir ikkje å ha samlingar/øvingar desse første vekene i januar.

KYRKJELYDSHUSET
Aktivitetane våre på kyrkjelydshuset er førebels utsatt/kansellert grunna smittevern.
Dersom du vil støtte kyrkjelydshuset i ei utfordrande tid, er det høve til å enten blir fast gjevar (ta kontakt med oss så kan vi orientere koreleis) eller å gi ei gåve på VIPPS 525936 eller kontonr. 3910.61.74494, øyremerka Hareid kyrkjelydshus, merk gjerne med «gåve». Vi takkar alle støttespelarar!

FRIVILLIGSENTRALEN
Avventar oppstart av aktivitetar som hobbyklubb, karakveld, seniornett o.l.
Dagleg leiar Frivilligsentralen kan kontaktast via telefon: 700 95 136 eller epost: frivilleg@hareid.kommune.no. Brukt & Billig blir stengt i første omgang t.o.m. 18. januar.

 

KONTAKTINFORMASJON
Ta kontakt med oss på kyrkjekontoret dersom de har spørsmål, tlf. 70095130, epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.

PS: Kyrkjekontoret er diverre ikkje ope for besøkjande, grunna smittevern.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"