Nye avstandsreglar inne i kyrkja - 2 meter og inntil 50 personar

Dei nye retningslinjene seier at vi ikkje kan ha meir enn 50 personar inne i kyrkja på samlingar; gudstenester, gravferder, vigsel, dåp, konsertar o.l. (medverkande kjem i tillegg). Og siste nytt er at dersom det skal vere allsong, skal avstanden inne i kyrkja no vere 2 meter, ikkje 1 meter. Allsong har vi både i gudstenester og i gravferder - difor er regelen no 2 meter avstand i gudstenester og gravferder.

Nye avstandsreglar inne i kyrkja - 2 meter og inntil 50 personar

HOLD AVSTAND & GOD HÅNDHYGIENE
Dei som ikkje høyrer til same husstand må sitte med minimum 1 meter avstand til kvarandre. Men dersom det er allsong, som i ei gudsteneste eller i ei gravferd, skal det vere 2 meter avstand til kvarandre.
Ver nøye med å vaske henda/bruk håndsprit. Har du symptom på sjukdom kan du ikkje vere til stades i kyrkja.

GUDSTNESTER - PÅMELDING

Vi ynskjer alle velkomne i kyrkja, men må ha påmelding til gudstenester for å tilrettelegge på beste måte. Gudstenestene vil bli streama på Facebooksida til Hareid kyrkje, og kan også følgast frå sofaen heime. Nattverd utgår i inntil vidare.
For påmelding kan du ringe kyrkjekontoret: 70095130 eller send epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.

GRAVFERDER
Nye restriksjonar gjer at det berre kan vere inntil 50 personar i kyrkja. Ved gravferdsseremoniar er det difor viktig å vite at kun inviterte kan ta del. Det er dei pårørande sjølv som må invitere desse, slik at det først og fremst er dei nærmaste som får plass.
Dersom du har ønskje om å ta del på gravferd og du ikkje er invitert, kan du enten ta kontakt med gravferdsbyrået eller dei pårørande for å høyre om det er plass.
Det skal vere 2 meter avstand til kvarandre inne i kyrkja dersom ein ikkje kjem frå same husstand/kohort. Det er framleis 1 meter avstand utandørs.

KYRKJELYDSHUSET - VAFFEL & MIDDAG
På kyrkjelydshuset har vi denne hausten hatt vaffeltreff annankvar mandag og tilbod om kjøp av middag kvar onsdag. Dette går ut resten året, så tek vi ny vurdering på nyåret.

LEIGE AV KYRKJELYDSHUSET
Maks 20 personar dersom ein leiger kyrkjelydshuset til private arrangement som minnesamvær, bryllaup, dåpsfest, åremålsfeiring eller andre markeringar. Det same gjeld om du leiger ein serveringsstad (hotell, restaurant, kafe og liknande).

TILBOD BARN & UNGE
Når det gjeld tilbod for barn og unge har vi gjort følgande vurderingar:

  • Babysong går ut resten av året
  • Småbarnssong går ut resten av året
  • VI-koret øver ikkje meir i november månad
  • Barnekantoriet øver med god avstand og på sin faste stol
  • Tiltak i krinsane fortsetter som før

"MIN FAVORITT" & BILLETTSAL
Billettsalet til «Min favoritt» konsert er stoppa på 50 personar per konsert (kl 18 og kl 21), dersom grensa blir heva fortsetter vi salet i desember.


Vi ønskjer å vere ei tilstedeverande kyrkje også i denne spesielle tida. Det er viktig at vi saman bidreg til at smitten ikkje sprer seg, dette gjer vi ved å følgje restriksjonane og ha gode rutinar for smittevern.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"