Palmesøndag: Bileams esel i mini versjon

Palmesundagsgudstenesta i Hareid kyrkje (5. april) er til vanleg full av born. Denne gongen kom eselet fram via nettet, ledsaga av vakre songar og tonar. Slik innleia vi til den stille veka, med eit musikkspel om bileams esel i miniversjon...

Esel: …..åååå! eg er berre eit lite esel som ingen bryr seg om! Kvifor kunne eg ikkje heller vore ein hest eller ei løve! Ein hest er stor og stolt og ei løve er sterk og farlig. Men eg er berre eit lite esel som ingen bryr eg om. Foto: Hareid sokn

Fortellar: På ein gard eit stykke utanfor Jerusalem bodde eit lite esel saman med eigaren sin. Ein kveld såg eigaren at eselet var ulukkelig. Det stod og såg på speilbildet sitt i ei søyle ned i vegen og var ikkje særleg glad. Kvifor er du lei deg?

Esel: …..åååå! eg er berre eit lite esel som ingen bryr seg om! Kvifor kunne eg ikkje heller vore ein hest eller ei løve! Ein hest er stor og stolt og ei løve er sterk og farlig. Men eg er berre eit lite esel som ingen bryr eg om.

Fortellar: Å vere esel er ikkje noko å skamme seg over. Esela har vore med på mykje dei! Veit du. Berre høyr her!

Solosong: Jeg er et fattig esel

Fortellar: Ein gong for lenge sidan var det eit esel som såg ein engel. Og like etter kunne det snakke som eit menneske. Og eigaren forstod alt eselet sa.

Esel: Fortell meg om det!!!

Fortellar: Mannen heitte Bileam, han var på reise med eselet sitt då dei traff ein engel på vegen. Og det var eselet som såg engelen først.

Solosong: Bileams esel 2

Fortellar: Legg deg og kvil litt du, så skal du få høyre om ein virkelig profet som heitte Sakarja. Ein profet er ein som ser ting som ikkje alle andre ser, og høyrer Gud si stemme.

Solosong: Profeten Sakarja

Esel: Å! Tenk at ein konge kan ride på eit esel! Han må vere ein veldig spesiell konge!

Fortellar: Det trur eg nok. Både esler og englar ville nok like ein konge som var så mil og god.

E: og då ville dei helse han velkomen!

Sang: Jerusalem, hils kongen din.

E: Tenk at det virkelig er slik,- at ein konge skal bruke ein av oss esler som ridedyret sitt!

F: Ja, det er ein fin tanke. Jesus er nok annleis enn alle andre kongar.

E: Då er vi esler noko heilt spesielt i verda, då!

F: og dermed sovna det vesle eselet søtt, og drøymde om kongen Jesus.

Song: Du som skapte..

Fortellar: Dagen etter hendte det noko underlig i livet til eselet. Då kom det nokre menn forbi, og dei ba om å få låne følet. TRE MENN KJEM GÅANDE FRAM MIDTGANGEN.
Eigaren visste ikkje heilt kva han skulle seie, men når mennene sa at Meisteren spør etter eselet, så lot han dei gå. Han stod og såg lenge etter eselet sitt og lurte på kva som kom til å skje. Kven var denne mannen som trengte eit lite esel til å ride på?

Song: Du som skapte

F: Heile dagen gjekk. Han som eigde eselet stod lenge og såg mot Jerusalem. Kvar blir eselet mitt av? Han høyrde rop og song frå byen, kva var det som hendte? Stakkars eselet mitt som er berre blant framande!

Seint på kvelden kom mennene tilbake med følet, og det såg ikkje ut til å trenge noko trøyst!! Eselet kom stolt gåande. Kva er det som har hendt med deg? Du har blitt så forvandla!!

E: Det var ein mann som kom for å site på ryggen min! Han var så lett å bere på i starten, men etterkvart vart det litt tungt…..og eg kjente at føtene vart tunge…men eg greidde å bere han heile vegen! Og han sa han var gla for det!! Folket hadde palmegreiner også!

Solosong: Han satte seg…..

E: Då han sette seg opp på ryggen min og alle såg på…… då måtte eg tenke på Bileams esel, det som såg engelen. Og då han seinare kjentes tung og samtidig så underlig lett på ryggen min, då måtte eg tenke på profeten Sakarja og det han drøymde om. Trur du at det kan vere slik? At Kongen har site på min rygg i dag?

F: Eg trur at noko stort har hendt. Eg trur du vil bli huska så lenge som noken huskar Kongen, han som reid inn i byen på ryggen din i dag!

E: Det er godt å vere meg! Det er fint å ha vore den som fekk bere Kongen inn til byen. Og kan han bruke meg, så kan han bruke alle!! Det er sikkert og visst!

Song: Jerusalem, hils

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"