Konserten 4. oktober vart eigentleg sett opp som del av Fartein Valen-festivalen no i april, men måtte utsetjast til hausten av ymse årsakar, skriv festivalen i ei pressemelding.
Fartein Valen-arbeidet i regionen vår er eit samarbeid mellom Haugesund og Sveio kommunar.
- Det er eit veldig flott program som vert presentert for publikum. To sentrale kyrkjemusikalske verk av Messiaen og Karlsen og ein sats frå ein solopartita av Johann Sebastian Bach er på programmet. Utøvarane er Alie Hamberg, orgel, som framfører Olivier Messiaen’s fantastiske l’Ascension.
. Urframføringa vart sendt i NRK-radio P2. Denne hausten lukkast det å setja verket opp igjen på programmet som er for kor og strykekvartett. Vår Frelsers kirkes kantori, dirigert av Goos ten Napel framfører Kjell Mørk Karlsens «Stabat Mater dolorosa», eit tingingsverk til Fartein Valen-festivalen i 1996. Koret framfører verket saman med ein strykekvartett frå MUNOR i Haugesund. Den nye fiolinisten i Munor, Megumi Tokosumi, framfører ein sats frå ein Solopartita for fiolin av Johann Sebastian Bach mellom dei to store kyrkjemusikalske verka.