Allehelgen i Oslo domkirke

Helga 2.–4. november vert Oslo domkirke fyllt med gutesopraner, unge og eldre herrestemmer frå gutekor frå heile Noregs land.

Oslo Domkirkes Guttekor

Helga 2.–4. november vert Oslo domkirke fyllt med gutesopraner, unge og eldre herrestemmer frå gutekor frå heile Noregs land. Dette er medlemskor i «Ung kirkesang». Det skal myldrast, syngjast og jobbast fram mot framføring av både Mozart sitt storslåtte Requiem og Egil Hovland si flotte Allehelgens-messe.

Lørdag 3. november framfører dette gigantiske koret med nesten 300 songarar Requiem av Mozart saman med KORK samt profesjonelle solistar. To nær utselde konsertar skal gjennomførast kl. 16.00 og kl. 18.00. Fredrik Otterstad er dirigent.

Sundag kl 11.00 vert det feira høgmesse kor heile Allehelgensmesse av Egil Hovland skal syngjast, akkompagnert av både orgel og messingblåsarar. Domkantor Vivianne Sydnes er musikalsk leiar av denne messa.

Me ynskjer velkomen til ei minnerik helg i Oslo domkirke!

Oslo Domkirkes Guttekor er vertskap for det heile, saman med Sølvguttene.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"