Biskop Kari Veitebergs preken 1. påskedag

Kva er tru? Kven er det som trur og korleis gjer ein det? Og korleis får vi næring til tru og håp i denne tida?

Biskop Kari Veitebergs preken 1. påskedag

Følgjande er manus for preika som Oslo biskop følgde sånn nokolunde:

Kva er tru? Kven er det som trur og korleis gjer ein det? Og korleis får vi næring til tru og håp i denne tida?

 

Vi høyrer stadig om undersøkingar om tru i Norge, der det verkar som om både dei som spør og dei som svarer, godt veit kva tru er.  «Siste nytt: Stadig færre trur på Gud,» «Nordmenn flest tror ikke på oppstandelsen.»

Men kva seier evangeliet i dag, på den dagen påsketrua blei født, om tru?

Slik det blir skildra heng tru nært saman med nokre andre sterke erfaringar: å bli overraska og å undre seg. Peter blei fylt av undring og kvinnene blei så overraska at dei nettopp ikkje visste kva dei skulle tru!

Tru heng saman med undring og med å kunne la seg bli overraska over at noko uventa og nesten utenkeleg skjer.

Dessutan er trua ein nær slektning av håpet, det noko som strekker seg utover tid og rom: håpe på ein ny begynnelse, at noko vedunderleg må skje.

Kanskje er tru og håp to sider av same sak?

Nordmenn flest tror ikke på Gud. Nordmenn flest ... har slutta å håpe?...har slutta å undre seg?

Håp, ja. Kva er det som gir grunn til håp for oss sjølve og for heile kloden i dag, niande april 2023, ein dag vi og kan minnast den tyske invasjonen av Norge for 83 år sidan.

Det er ikkje så mange haldepunkt for håp på nyheitene, om vi  no skal vere ærlege:

I Ukraina er det no krigshandlingar på det andre året.

Vald og samanstøytar og brot på menneskerettar skjer nett no i stort omfang i fleire verdsdelar.

Menn, kvinner og barn druknar i Middelhavet.

FNs klimapanel stadfestar at vi er kome enno nærmare stupet sidan det året born og ungdom starta med skulestreikane. Verda brenn!

 

Eg legg meg under dyna. Eg rømer frå det heile. Eg orkar ikkje.

Bøyer ansiktet mot jorda og konstaterer at det er mørkt og tomt inne i dødens rom.

Men så  står dei der då, desse kvitkledde personane - i skinande klede - og dei spør:

Kvifor leitar de ... eller du ....etter den levande blant dei døde?

Har eg blitt for oppslukt av elenda? Leitar eg på feil stad? Ser eg i feil retning?

 

Vi veit ikkje korleis dette har gått til, men det som skjedde på denne påskemorgonen, gjer at du og eg ikkje lenger treng å øve oss på å snakke om tru og Gud i  fortidsform

slik vi gjer når vi minnest dei som er døde: Hen var.

 

Jesus ER !

Kvinnene ved grava fekk høyre at dei leitar på feil stad: Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde? Jesus var ikkje der. Grava er kanskje den einaste staden han ikkje er?

Parallelt omtrent, mens kvinnene står ved den tomme grava, går det to menn på vegen  frå Jerusalem til Emmaus. Dei møter ein dei trur er ukjent og dei ber han med seg inn til måltid:

Då han delte brødet med dei, kjente dei han igjen

og oppdaga at det var Jesus, han som hadde sagt og stadig seier: Gjer dette til minne om meg! Derfor gjer vi det på denne påskedagen og vi seier i preses: Fred være med dere: Dette er Jesu kropp, dette er Jesu blod.

Trur du?

Eg trur det røyner på for kvar og ein av oss denne påska.

Fordi det er tungt.

Eg veit det er mange blant oss som kjempar, som nesten ustoppeleg og på ulike kreative måtar arbeider for endring og som ønsker å vise at ei betre verd er mogleg.

Men eg veit også at det er lett å bli sliten, ja, kanskje nesten utbrent av sånt energikrevjande arbeid:  Det ligg liksom alt på mine skuldrer...

Eg var i Betlehem frå 18. desember til 18. januar. Den palestinske presten Mitri Raheb minna meg og to ting:

 

Å tru og å håpe er noko vi gjer, sa han, «hope is ...something we do». Og eg, seier han,

sjølv om eg visste at verda gjekk under i morgon, vil eg likevel plante eit oliventre.

Ja, han parafraserer eit sitat som mange av oss har høyrt som eit Luther sitat. «Om jeg visste at verden gikk under i morgen, ville jeg likevel gå ut i min hage og plante et epletre i dag», det er etter mitt syn noko av det finaste Martin Luther aldri sa.[1]

For den palestinske presten Mitri Raheb, som lever og arbeider under okkupasjon,  var eller er, tru og håp verb: Å plante eit oliventre er ei trus- og håpshandling.

Klok tale.

Det andre Mitri Raheb lærte meg, var innstillinga til sjølve livet og livslengda: Nokre har gått føre oss og nokre kjem etter oss. La oss seie at eg i mi gjerning spreier håp og tru frå C – E?  Det kan være at du og eg legg for mykje på skuldrene våre. Vi tek ansvar for heile alfabetet frå A til Å.

Plante tre. Finne nokre trushandlingar som er med å gjere verda til ein leveleg stad.

Kan håplausheit og mangel på tru handle om at rett slett kan bli for overveldande og for mykje for oss?

 

Kanskje gjer også kvinnene ved grava noko vi kan lære av her, til næring for håp og tru:

Etter at kvinnene hadde arbeidd med å lage oljer og salve og før dei tok fatt på den krevjande vandringa til grava, heldt dei sabbat og kvilte.

Også vi treng kvile.

«Sabbatsbodet er for menneskas skuld,»  seier Jesus. Og det kloke med å ha ein kviledag, er at vi treng det for å næring til tru og håp.

Difor held vi kyrkjeromma våre opne for kvile og for å få styrke. Vi feirar nattverd til faste tider.

Vi at kyrkja  fins,

for undring og overskridande overraskelse og påminning om Gud.

Det var det det dreidde seg om, seier min danske kollega i København:

Alle dei danske biskopane gjekk, saman med fagforeiningar, mot regjeringa for kjempe for å behalde «store bededag» som heilagdag.

Vi må ikkje gi alle dagane til næringsliv og marknad, vi trenger kviledagen!

Arbeid og kvile.

Det er lett å bli sliten, ja stå i fare for å misse både tru og håp, når liksom alt på mine skuldre. Og det er eit arbeid som mest å umogeleg å ta fri frå.

 

 

Kva er  tru, kva er  påsketru?  Trur vi mindre enn før?

Eg trur ikkje det. Men kanskje er tru meir samansett enn å svare «ja» eller «nei» på ein gallup?

For meg er tru korkje ein fast og stabil innhaldspakke, eller eit svar med to strekar under.

Tru er alltid noko meir, alltid noko større og det er ikkje noko eg blir ferdig med. Tru er

at eg stiller meg open og tar i mot,

ikkje produserer,

men trur, som å håpe og som i kjærleik:

Det er relasjon til meg og dei rundt meg og til Gud.

Tru er noko eg kan ta i mot, same kva følelsane mine måtte sei :

 

Derfor, om du vil, kan vi gjere det på denne påskedagen søndag 9. april:

Eg opnar hendene, får brødet: «Kristi kropp gitt for deg». «Kristi blod gitt for deg.»

Ein ny begynnesle. Tilgjeving.

 

Tru er å ta i mot,

Tru er å undre seg,

Tru er å leite etter spor , gjerne saman med andre etter teikn på liv og håp.

Tru å kunne bli overraska og å

å vite at korkje du eller eg er aleine og at det ikkje er på meg eller deg alt står og fell på.

 

Å tru på oppstoda er å ta til seg dei orda Jesus sa, som ord retta til oss, ord som kan opne framtida:

Fred vere med deg!

Ord som kan gi mot til å leve, og mot til å dø.

Og å synge salmar saman, kanskje, nesten i trass, å synge ut, for full hals, at påskemorgen slukker sorgen.

Eg veit jo at mange av oss aldri trur så sterkt som når vi kan synge slike salmar saman.

 

Og vi blir sendt ut, ut av kyrkjedørene,

For tru, og det kan vi også lese i evangelietekstane, handlar også om uro,

Om å ikkje slå seg til ro men å bevege seg,

å og tilmed springe.

 

Lat oss gå ut og leite etter vårteikn og på håp saman.

Gule små blomster som trassig veks opp frå is og hard jord.

Og også kanskje feire saman at Jesus er levande. Kanskje tilmed sløse litt og vere raus mot oss sjølve og andre, slik som ho som salva Jesus med dyr salve før inntoget palmesøndag og som kvinnene som laga salve og olje til den døde.

Glad påske!

Ære vere Gud, vår skapar og frigjerar og livgivar som var, er og blir ein sann Gud frå æve til æve.

 



[1]Dette apokryfe Luther-utsegnet er faktisk berre 73 år gamalt. Det var første gongen trykt i eit brev som vart skrive til lokale medlemmer av bekjennelseskyrkja, den kyrkjelege grupperinga som kjempa mot den nazistisk nyordning av kyrkja, i oktober 1944. Sitatet skriv seg altså frå ei tid etter Stalingrad og det mislykka attentatet på Hitler. Opplysingane om epletre-sitatet er henta frå Thomas Kaufmanns bok Erlöste und Verdammte. Eine Geschichte der Reformation, München 2017, sidene 409-411.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"