Har du rota bort Kyrkjeliv? Eller kan hende du ikkje har fått bladet i posten? Her kan du lese bladet likevel. Sjå lenker til tidlegare utgåver nedanfor. Kos deg!
Dei seks sokna i Nord-Aurdal har felles kyrkjelydsblad - "Kyrkjeliv"
Mange gler seg over kyrkjelydsbladet som kjem i posten fire gonger i året. Her finn du artiklar frå små og store hendingar i sokna våre, andakt, intervju og informasjon. Bladet er drive av sokneråda i våre seks sokn: Tisleidalen, Aurdal, Tingnes, Skrautvål, Ulnes og Strand/Svenes. Vi er avhengige av frivillige gåver for å få gitt ut bladet til alle husstandar i Nord-Aurdal. Svenes sokneråd sørger for rekneskapsføring på vegne av alle seks. Gje gjerne ei gåve på VIPPS til nr. 660778.