Vi treng alltid fleire frivillige i kyrkja!

Bli med på laget du også!

Frivillig med ungdom

Ynskjer du å jobbe frivillig med ungdom?

Ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd er eit stort og vaksande arbeid, vi treng alltid fleire frivillige som kan være med på våre ulike aktivitetar.

 

JoinUs:

JoinUs er eit lågterskeltilbod til ungdom (13+) i kommunen. Her kan ungdomen velje mellom å delta på: kor, dans, teknikk, mat og hobby. Vi har samlingar onsdagar kl 18.30-21.00 i Tunet.

Vi treng trygge vaksne som kan være til stades, om det er 1 gong i månaden, annakvar veke, eller kvar veke? Det bestemm ein sjølv.

Vi ser også etter deg som kan ta ansvar for ein gruppe:

  •           Kor (frå hausten 2024)
  •           Mat
  •           Hobby

 

 

Happening/open møteplass:

Annakvar fredag har vi open møteplass for ungdom i Tunet kl 20-23. Her ser vi etter trygge vaksene som kan være til stades for ungdommen.

 

Ungdomsarbeidet har ein eige nettside: www.ungdomstunet.no der ein kan lese meir om arbeidet.

Ta gjerne kontakt direkte med kontaktperson om du ynskjer meir info.

 

Kontaktperson: Martin Bakke Slåttsveen

Frivillig under gudsteneste og kyrkjekaffi

 

Kvar søndag er det gudsteneste i kyrkja. Di første man møter i kyrkja, er kyrkjevertane. Som kyrkjevert er den viktigaste oppgåva å ønske folk velkomen på ein varm og vennleg måte. Kyrkjevertane deler også ut salmebøker og kunngjeringsark, samlar inn offer og gir presten ei hjelpande hand ved dåp. 

 

Under gudstenesta liker vi å ha med ein tekstlesar. Dette er oppgåva for den som liker å lese høgt og har eit ønske om å formidle. For nokon kan dette virke skummelt, men frykt ikkje, vi sørger for god opplæring og oppfølging. 

 

Etter gudstenesta er det hyggeleg å samlast til kyrkjekaffi. Å lage til kyrkjekaffi er oppgåva for deg som liker å stelle i stand, då oppgåvene går ut på å dekke opp, ordne kaffi og ønske folk velkomen. Kanskje liker du å bake og ønsker å ta med ei kake? Dette er sjølvsagt valfritt. 

Høyrest det kjekt ut å være kyrkjevert eller tekstlesar? Eller å arrangere kyrkjekaffi? Ta kontakt, så tar vi ein uforpliktande prat! 

 

Og hugs - du vel sjølv kor ofte du ønsker å vere frivillig! Det kan være alt i frå ein gong i månaden til ein gong i året. Å vere frivillig er ikkje bindande, og er det ikkje noko for deg likevel, er det heilt i orden.

 

Kontaktperson: Ine Sofe Moen

Kontakt