Slik føregår vigselen

Paret kan vera aktivt med i planlegging og gjennomføring av vigselseremonien.

Dette gjeld både prosesjonen, val av bibeltekstar, salmar og musikk og eventuelt tenning av lys. Dessutan kan dei vera med på å avgjera rammene rundt ekteskapsløftet, overrekkinga av ringar og forbøna for paret.

Det er også mogleg med kulturelle innslag som understrekar bakgrunnen til paret. All planlegging må skje i samarbeid med prest og organist/kantor. Desse har ansvar for å godkjenna innhaldet i seremonien. Viss den eine parten tilhøyrar eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan biskopen godkjenna at ein person frå vedkommande trussamfunn deltek ved vigselen.

Pynting av kyrkjerommet
Avtale om tidspunkt for pynting blir gjort med den kyrkjetenaren som er på arbeid den aktuelle dagen.

Val av musikk
Organisten har ansvar for å godkjenna musikken som skal brukast ved vigselen. Viss paret har ønske om spesiell prosesjonsmusikk eller andre song/musikkinnslag, er det viktig å ta kontakt i god tid med organisten. Dette gjeld både godkjenning av musikkinnslag og tidspunkt for øving. Vêr merksam på at det om sommaren blir brukt ein del vikarar for den(dei) faste organisten(-ane).

Entreen til paret
Mange stader er det tradisjon at paret går inn saman. Dette er den gamle kyrkjelege ordninga og eit uttrykk for at dei to sjølv kjem til kyrkja for å ordna det formelle ved å stifta eigen familie.

Prosesjon
Skal det vera brurejenter og bruda sine venner i prosesjonen, må dette avklarast på førehand. Det er også høve til å ha ein større prosesjon med forlovarar og prest. Prosesjonen skal enda ved alteret. Det må òg avtalast om både brurepar, foreldre og forlovarar skal sitja på eigne stolar framfor alterringen.

Før utgangsprosesjonen går presten ut av alterringen og gratulerer paret, forlovarar og foreldre. Brudeparet går først i utgangsprosesjonen, deretter brurejenter og brura sine venner, så forlovarar og foreldre og til slutt resten av gjestene.

Skriftlesing, salmar og talar
Den første delen av vigselen er den spesifikt kyrkjelege. Etter prosesjon og velkomstord er det ein felles salme og/eller solosong før skriftlesing og tale. Familie og venner som ønskjer å delta i seremonien, kan til dømes lesa frå Bibelen. Etter talen er det gjerne ein salme eller eit musikkinnslag før sjølve vigselhandlinga.

Ekteskapslovnadene
Para kan velja mellom to ulike måtar å avleggja ekteskapsløfte på. Den tradisjonelle måten er at presten stiller to spørsmål til dei som skal viast, og dei svarer så ja. Den andre måten er at paret sjølv framfører ekteskapslovnaden ved å gjenta etter presten: Eg tar deg, NN, til ektefellen min. Eg vil elska og æra deg, og bli trufast hjå deg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss.

Ringane
Det er mogleg for paret å gje kvarandre ringar under vigselen. Då skjer overrekkinga etter at presten har sagt: ”Gje no kvarandre ringa, som de skal bera til teikn på løftet om truskap”. Alternativt kan paret gjenta følgjande etter presten: NN, eg gir deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.

Bøn for paret
Bønna kjem etter at lovnaden er gjeven. Paret går fram til alterringen og kneler medan presten legg handa på hovuda deira. I tillegg til presten kan òg nokon av gjestene vera med og be for paret. Det er mogleg å velja mellom ulike bønner eller be ei bøn som paret sjølv har vore med på å utforma. I tillegg til bønnene kan det tennast lys og syngjast ein bønnesalme. Etter forbønna ber alle bønna Faren Vår.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"