Viktige skjema

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan de søkja om prøving av ekteskap digitalt.

De kan logga dykk på hos skatteetaten.no for prøving av ekteskapsvilkår.

Dersom paret har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan forlovarane logga inn her (på skatteetaten.no) og fylla ut forlovererklæringen elektronisk.

På kort tid får de behandla ekteskapsprøvinga digitalt.

Skatteetaten tilrår alle par å nytta den nye innloggingsløysinga.

Vêr ute i god tid. Behandlingstida kan vera inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging. Men ikkje fyll ut skjemaa meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er berre gyldig i fire månader, fordi opplysningane de oppgjer må vera ferske.

Begge kommande ektefellar må fylla ut kvar si eigenfråsegn, og forlovarane fyller ut forlovererklæringa. Nokon må fylla ut litt meir: Har du til dømes vore gift før, vil det i nokre tilfelle vera behov for å leggja ved ei erklæring om skifte. Ønskjer du å endra namn, må du fylla ut ei melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Nettsidene til skatteetaten.

Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logga dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifta dykk. Prøvingsattesten kan de velja om de vil senda vidare frå Altinn i ein e-post til vigslar, eller skriva han ut og ta med ein kopi av. Gratulerer! No er de klare for å inngå ekteskap!

  • Dersom de ikkje nyttar innloggingsløysinga:
    Frå det statlege blankettarkivet kan de framleis lasta ned skjemaa for prøving av ekteskapsvilkår og forlovarane kan lasta ned forlovererklæring, og senda dei i posten til skattekontoret der de er busette.

Tidlegare ekteskap
Dersom ein av partane har vore gift tidlegare, og folkeregisteret ikkje har registeret skilsmisse eller dødsfall, må personen leggja fram bevis for at ekteskapet er opphøyrt. Utanlandsk skilsmisseløyving eller dom må først godkjennast av fylkesmannen. Han som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet opphøyrde, må i visse tilfelle ha fråsegn frå tidlegare ektefelle om status i skiftet.

Utanlandske statsborgarar
Ein utanlandsk statsborgar som ikkje er fast busett i Noreg må leggja fram attest frå offentlege styresmakter i heimlandet som prøvar at det ikkje er noko til hinder for at det blir inngått ekteskap. I tillegg er det nødvendig med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, opphaldsløyve eller busetjingsløyve.

Vil du gifta deg i utlandet?
I den første versjonen av den digitale løysinga blir det berre handtert prøving av ekteskap etter norsk rett. Det betyr følgjande for dykk som planlegg bryllaup i utlandet:

Ønskjer de å gifta dykk på norsk ambassade eller sjømannskyrkje i utlandet? Då giftar de dykk framleis etter norsk rett, og kan nytta Den digitale løysinga til skatteetaten for prøving av ekteskap. De går fram på same måte som når de giftar dykk i Noreg. Oppfyller de krava for å inngå ekteskap, får de òg her ein prøvingsattest digitalt. Denne må de vidaresenda, eller skriva ut og ta med dykk, saman med passet, til ambassaden eller sjømannskyrkja de skal gifta dykk i.

Ønskjer de å gifta dykk etter utanlandsk rett? Viss de planlegg å gifta dykk etter utanlandsk rett, kan de dessverre førebels ikkje bruka Skatteetatens nye innloggingsteneste, men må søkja på ordinær måte på papir. Det er venta at også denne tenesta vil bli tilgjengeleg digitalt i løpet av hausten 2018.

Ønskjer de meir informasjon om kva som blir kravd for å gifta seg, sjå Nettsidene til skatteetaten.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"