Olav Fykse Tveit

Olav Fykse Tveit er preses i Den norske kyrkja. I mai blei han innsett som biskop i ei nesten folketom Nidaros domkyrkje.

Har dette annleisåret bidrege med noko positivt?

Koronaen i seg sjølv er ikkje positiv, ikkje for nokon. Den rammar ulikt, nokon rammar den svært hardt, helsemessig, økonomisk, sosialt. Kyrkjene har måtte redusere sitt arbeid og sin aktivitet, ikkje minst gudstenestefeiring og til dels barne- og ungdomsarbeid. Det kan vere kritisk for folks forhold til kyrkja på kort og lang sikt. Men som i alle kriser, skjer det noko som kan skape forandring og forvandling til noko betre. Kanskje har vi vorte meir merksame på kor sårbart samfunnet er, men også kor sårbare vi er som menneske.

Det kan føre til at vi vert meir sensitive og solidariske, men det kan jo også føre til at vi vert meir sjølveopptekne. Vi har lært å arbeeide på andre måtar, ikkje minst å bruke digitale hjelpemiddel som kan redusere reiseaktivitet og dermed utslipp og ressursbruk. Eg trur også at det er vorte ei tid for ettertanke og forenkling av kva ein heldt på med, ein må prioritere det viktigaste på ein annan måte.

Kva betyr «Deilig er jorden» for deg?

«Deilig er jorden» er ei perle som skin og som toler å bli brukt. Det er ein vakker salme som skaper mange gode kjensler og gir oss ord og tonar for å uttrykke vår kjærleik, håp og tru.  Særleg i juleferiringa. Men også i tider der ikkje alt er normalt. Som i ei gravferd der ein på ein spesiell måte vert minna om vår pilgrimsgang gjennom livet, og slekt som skal følge slekters gang. Eg har fått vite at far foreslo å synge denne salmen dei kom heim med meg frå fødeklinikken. Det har gitt meg ei spesiell kjensle av å høyre til i ein samanheng.

Korleis skal du feire jul i år?

Det blir julefeiring heime med familie, men litt færre samla på ein gong enn vanleg, for å følge smittevern-råda som gjeld. Eg har tenkt å la barn og barnebarn ha plass i kyrkja på julaftan, og prøve å få plass på juledag. Vi les juleevangeliet heime og syng julesongar, med gang rundt juletreet. Og gler oss over livet, jula og det vi vil gi kvarandre.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"