Kyrkjefolk: Svein Kai

- Du må ikkje forsvinna opp i skyene.

Foto: Egon Askvik

- Ritualet må vera der, og eg har forstått at kyrkjeåret har sine faste oppsette tekstar. Men preikene må appellera til menneska. Presten må snakka slik at folk kjenner seg att, ikkje forsvinna opp i skyene eller ned til Israel. Preika må ha med kvardagen å gjera, det som hender i samfunnet.

- Eg har alltid vore praktisk og jordnær og likar difor best når preikene hentar døme frå kvardagslivet. Når eg fyrst er der, har eg utbyte av gudstenesta, og det er godt å vera til kyrkje.

- Kor vidt ein går i kyrkja har med oppveksten å gjera og kva innstilling foreldra har. Dei kan anten vera for ivrige og tvinga ungane med, eller det kan henda dei ikkje viser noko interesse i det heile teke. Mor mi var ikkje til kyrkje, difor vart heller ikkje eg nokon kyrkjegjengar.

- Eg er nok ikkje det du vil kalla for kristeleg, men eg er heller ikkje heilt ukristeleg. Kyrkja er for meg ein viktig institusjon som bitt nasjonen saman. Me treng kyrkja ved viktige hendingar i livet, som dåp, konfirmasjon og gravferd.

- Eg kan ikkje skryta på meg ei sterk tru. Men me har vore gjennom mange vanskelege situasjonar. Og på dei mørkaste dagane, då har også eg bøygd knea og bedt til min Gud.

 

Svein Kai trivst godt i snikkarbui med Elvis på platespelaren. Han er gift og har to barn. Han har arbeidd som mekanikar i Statens vegvesen.

Utdrag frå side 144 i Kyrkjefolk av Egon Askvik (Skald forlag)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"